Gå til sidens hovedinnhold

Front mot front i Vadheim

Klokka 20.44 laurdag kveld melde politiet om ei front mot front-ulykke i Vadheimkrysset på E39 i Vadheim sentrum.

Brannvesenet er komen fram til staden. Dei rapporterer at det ikkje er snakk om alvorleg skade, fortel operasjonsleiar Ole Ronny Olsen ved Vest politidistrikt til Firda klokka 20.05.

– Det vi veit så langt er at det er fem personar i dei to bilane. Skadeomfanget er ukjent, men ifølge brannvesenet ser det ikkje ut som nokon er alvorleg skadde, i og med at alle er oppegåande og ute av bilane, seier han.

Når patruljen kjem fram vil dei byrje med sine undersøkingar på staden og ta avhøyr av dei involverte. Bilbergar er på veg. Vegen er delvis open for trafikk.