Gå til sidens hovedinnhold

Fritt skuleval er ein siger for elevane

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

No skal Venstre og regjeringa innføre fritt skuleval i heile landet. Det er ein stor siger for fridomen til kvar enkelt elev.

Venstre har lenge kjempa for at elevar skal ha mest mogleg fridom til å kunne bestemme over eigen skulekvardag. Ein viktig del av denne fridomen er moglegheita til å velje sitt eige utdanningslaup, men dette er ikkje det einaste som betyr noko - elevar må også få velje kva skule dei vil gå på. Derfor seier vi ja til fritt skuleval og er glade for at Venstre og regjeringa no vil innføre det i heile landet.

Fritt skuleval bør vere noko alle elevar kan nytte seg av, ikkje berre dei som tilfeldigvis er busett i eit fylke med politikarar som set pris på valfridomen i skulen. Det burde ikkje vere noko mål i seg sjølv at fylkespolitikarane bestemmer korleis skuleinntaket skal gjennomførast. Vi meiner det er riktig å flytte makta endå lenger ned, frå politikarane på fylkestinget til den enkelte elev sjølv.

Heller ikkje inntak basert på karakterar er perfekt, men det er den beste inntaksmodellen vi har. Eleven kan ikkje kontrollere kvar foreldra har vald å busette seg, men eleven kan gjere noko med sin eigen innsats og faglege prestasjonar. Vi meiner det er meir rettferdig at inntaket byggjer på noko eleven sjølv kan påverke, enn at det avheng av noko eleven ikkje kan påverke.

Utdanningssystemet vårt kan alltid bli betre, men det å ta frå elevane moglegheita til å velje sjølv løyser ingenting. Derfor jublar vi over at Venstre og regjeringa no set fridomen til elevane først og innfører nasjonalt fritt skuleval.

Les også

Fryktar at dei må til Florø, etter at fylket rota bort skuleplassen deira

Les også

13 elevar fekk melding om at dei hadde fått skuleplass i Førde - så ombestemte fylket seg

Les også

Sp set eleven i fokus

Kommentarer til denne saken