Fritidsbåt tok inn vatn – måtte slepast til land

Redningshelikopter og redningsskøyta vart kalla ut.

DEL

Like før klokka 19.30 søndag melde Hovudredningssentralen i Sør-Norge (HRS) at ein fritidsbåt i Stavfjorden tok inn vatn.

– Det er to personar om bord. Redningshelikopter frå Florø er over havristen no og fleire båtar har kome til. Redningsskøyta Halfdan Grieg er på veg, opplyste HRS.

– Det er ei «mayday-melding». Vi er på veg til staden, det er om lag 15 minutt igjen, seier skipsførar Kai Jensen på redningsskøyta til NRK Vestland.

Klokka 20.44 melde vakthavande hos HRS at redningshelikopteret har returnert. Redningsskøyta har fått kontroll på lekkasjen og held no på å slepe båten inn til Florø.

Fritidsbåten var ca. 7 nautiske mil unna Florø då mayday-meldinga kom.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken