Gå til sidens hovedinnhold

Fritidsbåt meldte Mayday, var meter frå å gå på eit skjer

Ein fritidsbåt var berre meter frå å gå på land, etter at den fekk motorstopp utanfor Florø.

Ein fritidsbåt melde i måndag morgon Mayday i Florø, skriv HRS Sør-Norge på Twitter.

– Båten fekk motorstopp og var på veg inn mot land på grunn av kraftig vind på staden. Den var berre nokre meter ifrå å gå på eit skjer utanfor Florø, seier Vincent Roos i HRS Sør-Norge.

Både redningshelikopter og ambulansebåten vart sendt ut, og dei fekk raskt kontroll på situasjonen.

– Det var ein person i båten. Han er sliten, men uskadd, seier Roos.

Båten held på å bli slept inn til land av ambulansebåten, og var nesten komme inn til land klokka 09.45.