– På avstand kunne det sjå ut til å vere ein katt

Kva i all verda er dette, tenkte Sølvi Træland.

Kva i all verda er dette, tenkte Sølvi Træland.

Artikkelen er over 1 år gammel

NATUR: Sølvi Træland frå Sogndal fekk ei svært uvanleg naturoppleving i helga.

DEL

På vegen forbi der ho bur kunne ho nemleg oppdaga eit større dyr komme humpande på køyrevegen.

– På avstand kunne det sjå ut til å vere ein katt, men på måten den hoppa framover forstod eg raskt at det måtte vere ein oter, fortel Træland som raskt fann fram mobilen for å filme episoden.

Lenge på land

Ein oter i sin eigen stil og sitt eige tempo ute på tur

– Eg kom køyrande med bil frå Sogndal og stoppa opp for å filme oteren. Den humpa målretta framover på vegen, og passerte meg der eg stod. Då såg det ut til at det skulle stikke ned i vatnet, men den snudde og fortsette vidare innover vegen. Totalt trur eg det var snakk om at den sprang mellom 400 og 500 meter på vegen, før den til slutt forsvann, seier Træland.

Har tilhald

Træland bur på sørsida av Barsnesfjorden, eit par kilometer frå Loftesnesbrua på riksveg 5 i Sogndal.

– Det er ikkje noko nytt at det er oter her inne i fjorden, og for nokre dagar sidan fotograferte sambuaren min ein oter i vasskanten. Og sonen vår på åtte år har også for kort tid sidan sagt at han har sett eit dyr som liknar på ein oter ved huset vårt. Så det kan tyde på at den har tilhald i området her, seier Træland om den spesielle opplevinga.

– Men eg må innrømme at eg vart ganske overraska då eg fekk følge med oteren så lenge på land, kanskje i fire-fem minutt. Difor ringde eg til sambuaren min og fortalde at han måtte passe på hunden vår, ein rottweiler, når han kom tilbake frå tur. For viss hunden hadde oppdaga oteren på land, så trur eg han skulle fått problem med å komme seg unna. For det var ikkje akkurat noko gaselle der han bevega seg på land, ler Træland.

På raudlista

I følge Wikipedia vart oteren totalfreda i 1982 gjennom ratifiseringa av Bernkonvensjonen. Oteren er eit rovdyr som tilhøyrer mårfamilien. Bestanden var i ein periode utryddingstruga og det fanst knapt oter sør for Nordland fylke. Etter fredinga har bestanden tatt seg opp, spesielt frå Møre og Romsdal og nordover. Men i perioden 2006 til 2010 viste bestandsmålingar ein negativ trend, og det finst ikkje sikre tal på kor mykje oter som finst i landet. Den norske oterbestanden er også svært betydingsfull då den utgjer omtrent 25 prosent av den europeiske totalbestanden.

På den nasjonale raudlista er oteren definert som ein sårbar stamme.

Artikkeltags