Brukar helikopter som isbrytar

GAULAR: Sein vinter fører til kreative løysingar i Bygstad

DEL

– Frå måndag av kjem det fullt av tyskarar her, så no måtte vi berre få brote opp ei råk, så dei kjem seg ut å fiske, seier Olav Birkeland. I ettermiddag brukte han eit helikopter frå Airlift som isbrytar på Vikja, inst i Dalsfjorden.

– Vi skulle ha sesongopning 15. mars, men det måtte vi jo berre avblåse. Då låg isen tjukk langt utover fjorden herm, seier Birkeland. Saman med Reinhard Seggewiss driv han utleige av hytter og båtar til tyske turistar som kjem for å fiske i Dalsfjorden.

Må ut og fiske

– Men no følte vi at vi kunne ikkje vente lenger. Måndag kjem dei, og då må der vere ei råk, så dei kjem seg ut i ope vatn, seier Birkeland.

Det er første gong Airlift brukar helikopter som isbrytar, seier marknadssjef Magne Kongsvik:

– Olav kom og spurte om vi kunne hjelpe han, så då måtte vi tenke litt nytt. Vi har to kuler som vi brukar til fjellreinsk etter at det har gått ras og slikt, og vi kom vel tidleg på at den minste der kanskje kunne brukast, seier Kongsvik.

Kula veg 800 kilo, men såpass måtte det faktisk vere, seier Birkeland:

Olav Birkeland, eigar av Spar og Tønna i Bygstad

Olav Birkeland, eigar av Spar og Tønna i Bygstad Foto:

Niande april

– Ja, isen ligg ti centimeter tjukk her, og dei første gongane måtte dei sleppe den ned ganske mange gonger før den slo hol.

Så til måndag skal alt vere klart, og då rykker altså tyskarane inn i hopetal.

– Og då er det niande april. Og tyskarane kjem. Og det er ikkje første gong dei kjem til Norge niande april. Men denne gongen gjev dei no beskjed på førehand at dei kjem, og dei betaler for å vere her, seier Birkeland.

Artikkeltags