Sogndalskvinne vann 7,6 millionar i Lotto

Artikkelen er over 1 år gammel

SOGNDAL: Ein av fire vinnarar i gårsdagens gulltrekning i Lotto var frå Sogndal.

DEL

– Eg såg då du ringde første gongen. Eg kjende att nummeret, men då svikta nervane, så eg gjekk inn på nettsida og sjekka, og no har eg høg puls, sa kvinna på klingande sogning då Norsk Tipping ringde henne for å fortelje om vinsten.

Laurdag 06. oktober klarte ingen å prikke inn dei sju rette tala i Lotto. Dermed var det klart for Gulltrekning i Lotto denne laurdagen 13. oktober.

Med nesten 30 millionar kroner i potten – over dobbelt så mykje som i ein ordinær Lotto-pott, vart det stor stemning og masse spenning denne kvelden. 

Fire heldige Lotto-spelarar vann over 7,6 millionar kvar. Ein av dei altså ei kvinne frå Sogndal.

– No sit eg med mannen min og familien og ser på TV, så det blir ei roleg feiring, men eg skal ta nokre apehyl ute på golvet etter at eg har snakka med deg, sa ho og lo.

– Vi er glade i å reise, og barna driv og skal etablere seg, så dette skal vi kose oss med alle saman, sa kvinna, som ønsker å vere anonym. 

Artikkeltags