– No er vi tre, og kan byte på å halde av plassen

DEDIKERTE: Silje Eirin Hansen, Charlotte Potts Carlberg og Anne Martine Mykeng var tidleg på plass for å sikre seg gode plassar til Biffy Clyro-konserten.

DEDIKERTE: Silje Eirin Hansen, Charlotte Potts Carlberg og Anne Martine Mykeng var tidleg på plass for å sikre seg gode plassar til Biffy Clyro-konserten. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Her skal dei stå dei neste seks timane for å halde av plassen.

DEL

Silje Eirin Hansen, Charlotte Potts Carlberg og Anne Martine Mykeng er førebels åleine framfor Malakoff-scena.

Her skal dei klamre seg fast til frå litt over fire til ti over ti. Då går Biffy Clyro på scena.

Då skal dei ha dei beste plassane, for det er då alvoret begynner. Med høvesvis 19, 24 og «har komme ut av teljinga» Biffy-konsertar, veit dei kva som krevst.

– I Storbritannia hadde det vore fullt her allereie, seier Carlberg.

– Og her får vi stå åleine! utbryt Mykeng.

Med kvart sitt glas drikke i handa, må dei ha planen klar. Vanlegvis er der berre Mykeng og Hansen som reiser i lag. Då er det verre, og dei må halde seg.

– No er vi tre, og kan byte på å halde av plassen, seier Mykeng.

Dei tre er så store fans at dei nektar journalisten å reise heim før konserten er over. Dei lovar å ta skulda om han kjem seint på jobb laurdag morgon.

– Du kjem til å bli frelst, lovar Carlberg.

– Kvifor Biffy Clyro?

– Kjærleik, seier Carlberg raskt.

– Sympatisk, seier Mykeng.

– Variert og verkeleg show, seier Hansen.

Dei håpar Biffy vil by på mindre kjende låtar, men er heilt klare for Mountains og Wolves of Winter. Men først må dei klamre seg til plassen medan Janove og Åge og Sambandet spelar. Og så nokre pausar der dei går glipp av alt som skjer på den andre scena.

– Det er Biffy vi er her for, slår dei fast.

Artikkeltags