Kjem du som innflyttar til Sunnfjord, må du sjå langt etter tilbod om organisert jakt

I FAMILIEN: – Mange i Sogn og Fjordane har tilgang på jakt gjennom familie og vener, seier Alf Erik Røyrvik, fylkesleiar i Norges Jeger- og Fiskerforbund.

I FAMILIEN: – Mange i Sogn og Fjordane har tilgang på jakt gjennom familie og vener, seier Alf Erik Røyrvik, fylkesleiar i Norges Jeger- og Fiskerforbund. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

JAKT: Berre 8 av 25 lokallag i Norges Jeger- og Fiskerforbund i Sogn og Fjordane tilbyr hjortejakt til medlemmene.

DEL

Det går fram av ei rundspørjing som medlemsbladet Jakt & Fiske omtalar i siste nummer.

I fjor vart det felt 12.822 hjortar, og Sogn og Fjordane er hjortefylke nummer éin i Norge, men når det gjeld organiserte jakttilbod er vi langt nede på lista.

– Dessverre, seier Førde-leiaren

Ikkje eit einaste lokallag i Sunnfjord har løyve som dei kan tilby medlemmene sine, heller ikkje i dei to folkerikaste kommunane i fylket; Førde og Flora.

– Nei, dessverre. Vi skulle gjerne hatt tilbod om hjortejakt. Behovet er der, utan at vi har teke skikkeleg grep, seier Torunn Rygg, leiar i Førde Jakt- og fiskelag (JFL) til medlemsbladet.

I Sogn er stoda annleis. Der tilbyr lokallaga i Årdal, Lærdal, Aurland, Sogndal, Leikanger, Høyanger og Gulen jakt til medlemmene sine. I Nordfjord er Eid JFL einaste lokalforeining som tilbyr jakt.

Mykje hjort, lite folk

Leiaren i Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) i fylket, Alf Erik Røyrvik i Hyen, meiner det er to hovudgrunnar til at det er slik. For det første er storparten av arealet i Sogn og Fjordane eigd av privatpersonar, og det kan difor vere vanskeleg eller dyrt å leige jakt for eit lokallag. Mange har tilgang på jakt gjennom familie og vener, og behovet for jakt via lokallaga er difor mindre – særleg i utkantane der det er mykje hjort og lite folk.

HJORTELI: I denne bygda er jakt viktig. Ei bratt hjorteli med utsikt mot Hyefjorden.

HJORTELI: I denne bygda er jakt viktig. Ei bratt hjorteli med utsikt mot Hyefjorden. Foto:

Han er likevel klar på at lokallaga kunne prioritert dette høgare, særleg på dei meir folkerike stadane som Førde, Florø og Sandane.

– 40 prosent av medlemmene i NJFF svarer i undersøkingar at tilgang og tilbod om jakt og fiske er den viktigaste årsaka til at dei er medlemmer, seier Røyrvik.

Ta med unge jegerar

– Vi har hatt hjortejakt på arbeidsprogrammet i fleire år og har diskutert fleire løysingar, men vi har ikkje vore i kontakt med dei som har rettar eller jaktvald. Nokre medlemmer leiger hjortejakt, så kanskje dei kan ta med seg unge jegerar, men ingen ting er konkretisert, seier leiaren i Førde JFL.

I Sogn er det fleire statsallmenningar enn lenger nord i fylket, og det er kan vere lettare for eit lokallag å få avtale med eit fjellstyre enn med private grunneigarar. Dessutan er behovet for tilgang på jakt via eit lokallag truleg større når det meste av arealet er i offentleg eige, skriv Jakt & Fiske.

Artikkeltags