Håvard (16) starta hjortejakta med å felle sitt første dyr: – Heilt fantastisk!

FØRSTE DYR: Håvard Klakegg hadde ikkje trudd at det var slik hans første jaktdag i 2019 skulle ende. 16-åringen skaut si første kolle i morgontimane før han skulle på jobb.

FØRSTE DYR: Håvard Klakegg hadde ikkje trudd at det var slik hans første jaktdag i 2019 skulle ende. 16-åringen skaut si første kolle i morgontimane før han skulle på jobb. Foto:

Håvard Klakegg og faren var i ferd med å gi opp jaktøkta då ein sjanse opna seg. Den sjansen greip 16-åringen for alvor.

DEL

Årets hjortejakt starta 1. september, og varer fram til jul. For jølstringen Håvard Klakegg kunne den knapt nok ha starta betre. Grytidleg om morgonen søndag skaut 16-åringen sitt aller første dyr: Ei kolle på om lag 60 kilo.

– Eg stod opp klokka 04.30, og var ut på jakt kvart på fem, seier 16-åringen om jaktøkta.

Og sjølv om han og faren ivrig gjekk i gang med årets første jakt, så var ikkje trua heilt på plass, vedgår den unge jegeren. Det var tidleg, og han skulle på helgejobb seinare på søndagen.

– Når eg gjekk ut den morgonen, tenkte eg vel eigentleg: «Det blir nok ikkje noko dyr i dag, seier Klakegg.

Skulle eigentleg til å gi opp

Han skulle vise seg å ta veldig feil.

– Eg og pappa skulle eigentleg til å gi opp, men akkurat før vi skulle snu og gå tilbake mot bilen, så såg vi ei kolle på ein bø, seier Klakegg.

Dei sneik seg mot bøen, men då var kolla vekke. Men litt seinare då dei køyrde i bilen fann dei ho att. Då hadde ho flytta seg til nabobøen, og Håvard og faren la seg til i posisjon.

– Eg var veldig nervøs rett etter at eg trekte av. Hadde eg treft? Å trekke av eit skot mot levande dyr er jo ikkje berre berre, seier han.

Men skotet var godt, og kolla vart felt.

– Det var fantastisk. Då var det jubel og glede, seier den unge jegeren.

Gir meir motivasjon

Å starte 2019-jakta så bra, skildrar han som fantastisk. Han fortel at i hans første jaktsesong, så såg han mange dyr. Han kom derimot aldri i situasjonar der han kjende seg trygg nok til å ta skotet. Sidan det har han skote mykje for å bli sikrare når sjansen baud seg.

– No har eg brote den barriera. Det gir motivasjon til å jakte meir, seier 16-åringen.

Han fortel at jaktinteressa har kome gjennom faren Hallvard Klakegg som har jakta nær heile livet.

– Frå eg var ein 10–11 år har eg vore med han på jakt. Berre det å vere på jakt, og sjå karane jakte var spennande. Og eg masa og masa for at pappa skulle jakte så eg kunne bli med, seier den ferske jegeren.

Det var difor liten tvil om at han ville ta tak i børsa sjølv ein dag.

– Eg tok jegerprøva i 2017. Då tenkte eg at eg skulle pinadeg bli jeger sjølv. Eg elskar å gå i fjellet og naturen, seier 16-åringen, som fram til han blir 18 må jakte med andre. Med andre ord: Det blir nok litt masing på å få faren med på jakt framover også.

No er det å skyte ein bukk som er det neste målet, fortel jølstringen.

– Det å kunne skote ein storbukk hadde vore ein fantastisk draum. Det har eg verkeleg lyst til.

Artikkeltags