– Stor felle selgast til høgstbydande. Det er ikkje mange ganger naboen skal gå i den før han sluttar å pisse i hagen din. Ser mannevond ut, rett og slett. Manglar ei tann.

Med den teksten forsøkte Brage Waage å få seld ei større felle.

På kryploftet

- Eg fann den på loftet, seier Waage

- Eg og kjerringa held på å flytte inn i det gamle huset til bestemor og ryddar loftet. På kryploftet fann vi denne.

Fella er 45 x 50 centimeter stor og Waage anslår at den er over 100 år gammal.

-Trur du den faktisk blir brukt til nabojakt?

- Den er nok like god til det som til noko anna, seier Waage.

Fått bod allereie

- Neida, den blir nok helst brukt som ei utstillingsvare vil eg tru.

Waage hadde allereie fått eit bud på den - 100 kroner.

- Det blir nok han som får den ja, sjølv om ein kan jo alltids håpe på eit høgare bud.