Gå til sidens hovedinnhold

Her har Trond sykla opp fjelltoppen, midt på vinteren

Artikkelen er over 4 år gammel

FLORA/NAUSTDAL: Å sjå ut på fjella i sola vart for freistande. Det enda i ein type sykkeltur han aldri før har prøvd seg på.

– Dette er første gong eg har sykla på eit fjell på vinteren. Det at det er så lite snø gir nye moglegheiter, seier Trond Strømgren.

Laurdag sykla han Ramsdalsheia – Solheimsnipa/Varden – Agledalen, før han sykla tilbake langs vegen.

Ideen fekk han då han sat og jobba laurdagen. Han såg ut på det fine vêret, og tente at «no må eg ut på ein sykkeltur».

På køyretur med sykkelen bak i bilen, såg han opp mot fjella og byrja å gruble på om ein kanskje skulle sykle på dei i staden?

«Her må eg berre opp!»

– Når eg såg dei herlege fjella, så bestemte eg meg. Ok, her må eg berre opp. Så eg bar sykkelen opp kneika dei første ti minuttene, og så sykla eg resten av turen, seier Strømgren, som både jobbar og bur i Florø.

Turen tok om lag fire timar, og tok han over frosne vatn, islagde bekkar, knallhard skare og berrt fjell. Rett nok fortel han at den vel timeslange køyreturen langs vegen tilbake ikkje var like minneverdig, men naturbileta frå fjelldelen talar for seg sjølv.

Strømgren tok seg også tid til å filme den noko uvanlege sykkelturen, og videoen kan du sjå øvst i saka.

Turen gav også såpass mykje meirsmak, at han også tok sykkelen på fjelltur på søndagen. Denne gongen gjekk turen til Endestadnipa, saman med ein kamerat, Martin Ramsdal.

– Eg har jo bikka 55, så det er vel no ein må begynne å gi gass, seier Trond Strømgren, som fortel at dei fekk fantastiske forhold også denne dagen.

– Vi sykla over fleire islagde vatn. Det var kjempemoro, og vi lo og hylte heile vegen, seier 55-åringen og ler.

– Lågterskel så det held

Videoen frå turen har i skrivande stund om lag 2700 visingar på YouTube, noko Strømgren synest er artig.

Anna enn at den viser «noko litt annleis» har han derimot ikkje noko forklaring på va som har gjort videoen så populær.

Han er mest oppteken av at videoen skal inspirere folk til å reise på liknande turar, og forsikrar at ein ikkje treng topp utstyr for å våge seg ut på tur.

– Det er ein 20 år gamal sykkel med piggdekk, så dette er lågterskel så det held, seier Strømgren.

Kommentarer til denne saken