Her er heile lista:

1. Lag bytehandel i nabolaget.  Ved å bytte klede med andre blir du kvitt dei kleda du ikkje lenger brukar, samtidig som du får nye klede gratis.

2. Dyrk hobbyen din. Har du ein hobby du sjeldan får tid til å drive med i kvardagen? Bruk sommaren på å utvikle ferdigheitene dine.

3. Gå fjellturar. Ta gjerne med telt! Ei natt i eit anna miljø enn heime på soverommet kan vere godt nokre gongar.

4. Jobb frivillig. Hald ein eldre med selskap ein dag, eller luft hunden til naboen utan å forvente noko tilbake. Kanskje kan du klippe graset til ein i nabolaget. Du gjer ei god gjerning for nokon andre samtidig som du føler deg betre sjølv.

5. Gjer noko du aldri har gjort før. Prøv deg som veganar, lag origami, møt opp i ein bursdag du ikkje er invitert til, eller dyrk din eigen mat. Det er bra å presse seg sjølv til å gjere nye ting og ta eit steg utanfor komfortsona.

6. Lag filmar. Du treng ikkje å ha dyrt utstyr for å lage ein film, samle saman nokre vener og lag ein film med mobilen, eller det utstyret du har.

7. Oppsøk nye stader der du bur. Mange trur ein må reise langt, og bruke mykje pengar for å oppdage nye og spanande plassar. Det ein ofte ikkje veit er at det finst mange plassar der du bur, som du kanskje ikkje har oppdaga før. Det kan vere rett utanfor huset ditt i skogen, eller 30 minutt å gå til eit vatn.

8. Sov på trampoline med vener. Husk myggspray og mange puter!

9. Kjøp ein melon, og et heile åleine. Ein vassmelon består nesten berre av vatn, og er veldig sunt. Du får i deg mykje vatn samstundes som det er kjempegodt.

10. Ta buss eller køyr til ein plass du aldri har vore før, og ver der heile dagen før du køyrer heim. Du vil vere fleire erfaringar rikare.

11. Gå i fjæra og leit etter krabbe. Finn fram ditt indre barn, og gå i fjæra for å leite etter krabber!

12. Fisketur. Finn ein god ven, og litt fiskeutstyr/eller lag sjølv, og sett dykk på kaia ein dag for å fiske. Det gir deg kvalitetstid med vennen, og ein mogleg middag eller to!

13. Bad! For mange er det å bade eit «must» i sommarferien.

14. Sy eit klesplagg. Ofte vert heimelaga ting meir kjært enn dersom ein skulle kjøpt det på butikken.

15. Telttur med vener. Reis på ein telttur med vener. De treng ikkje reise så langt, nokre gongar kan hagen vere godt nok.

16. Gjer noko du alltid har hatt lyst til å gjere, men ikkje har hatt tid til. Les boka du aldri vart ferdig med eller bygg ei flåte med ein ven.

17. Sett av tid til vener og familie. Ha piknik med vener og besøk slektningar du sjeldan tar deg tid til å besøke. Det er viktig å ta vare på dei du er glad i.

18. Tren! Ta deg ein joggetur på fjellet, eller tren styrke heime. Trening er godt for helsa, og får deg i betre humør.

19. Gå ein tur på biblioteket. Der kan du finne mykje rart.

20. Lag heimelaga is, og putt i alle dei tinga du likar best. Ingenting er som heimelaga is på ein varm sommardag.

21. Send eit postkort! Til ein fjern slektning eller ein venn som bur langt unna. Bruk meir tradisjonelle metodar for å halde kontakten med andre. Mobilen treng ikkje alltid å vere løysinga.