Varslaren fekk skulda, for «den som fisen først blei var, han er fisens rette far»

FRISPARK: – Det heile minner litt om den gong eg gjekk i fjerde klasse, og einkvan sleppte ein skikkeleg illeluktande fjert, av det slaget det er uråd å ikkje reagere på, i klasserommet vårt, skriv Knut Magnussen om Navarsete-saka.

FRISPARK: – Det heile minner litt om den gong eg gjekk i fjerde klasse, og einkvan sleppte ein skikkeleg illeluktande fjert, av det slaget det er uråd å ikkje reagere på, i klasserommet vårt, skriv Knut Magnussen om Navarsete-saka. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

FRISPARKDDE slo an tonen for trøndersk festliv med stammebrølet «Her e' det liv! Rai Rai!». Og det verkar å ha vore ganske mykje liv og endå meir Rai Rai då åtte trønderar, alle med framståande posisjonar i Senterpartiet lokalt og nasjonalt, saman med to andre kompisar reiste på gutetur til Åre i Sverige. Ut på natta fann ein eller fleire av dei på å sende ei skikkeleg grisete tekstmelding til tidlegare partileiar Liv Signe Navarsete, ei dame som aldri har stått spesielt høgt i kurs i trønder-Sp.

Men Navarsete er ikkje den som stillferdig tek imot skit. Derfor gjekk ho vidare med saka. Men i Senterpartiet si leiing gjorde dei lenge sitt beste for å late som om ingen ting hadde skjedd. For generalsekretær Knut M. Olsen påstod han hadde gløymt heile greia. Han må ha litt av ein omgangskrins viss slike meldingar til ei dame som nett hadde takka for seg som partileiar, er så vanlege at han ikkje gadd å tenke meir på det. Og vanlegvis smørblide partileiar Slagsvold Vedum prøver å sjå alvorstyngd ut og seier han ikkje trudde det var meininga at nokon skulle reagere, Derfor gjorde dei ingen ting, for dei ville ikkje at folk skulle tru at partiet som alltid har vore bøndenes beste ven, hadde frittgåande svin på skogen.

Så sprakk saka i partiorganet Nationen, og sidan har den eine partitoppen etter den andre, også dei som var med på turen, stått fram og sagt at den som sende meldinga bør melde seg. Så langt har ingen av turdeltakarane valt å stå fram. I staden sit dei der og ser på kvarandre og håpar spetakkelet vil stilne.

Det heile minner litt om den gong eg gjekk i fjerde klasse, og einkvan sleppte ein skikkeleg illeluktande fjert, av det slaget det er uråd å ikkje reagere på, i klasserommet vårt: – Fyttegrisen for ei lukt! sa ein, og alle såg på kvarandre for å finne syndaren. Den som sleppte fjerten tilstod aldri, og det enda med at varslaren fekk skulda. For som det heiter: «Den som først blei fisen var, han er fisens rette far». Og no sit storkarane i det trønderske reisefølget der som ein gjeng smågutar og ser på kvarandre, nett som vi gjorde i fjerde klasse på folkeskulen, og ventar på at nokon skal stå fram så dei sjølve slepp å få skulda for skitlukta.

– Det er viktig, for partiet si skuld, at einkvan står fram og ber om orsaking, slik at vi kan bli ferdig med denne saka, seier partileiinga. Dermed demonstrerer dei for all verda at dei ikkje har skjønt bæret, nemleg at dei har folk i partileiinga som aldri burde ha sitte der, rett og slett fordi han eller dei ikkje er skikka. Så langt har ingen stått fram, men det er ikkje så overraskande: Det skuldast kanskje oppsedinga, eller mangel på slikt, men «gutane boys» har alltid vore flinkare på å grise til enn å rydde etter seg.

Blant Sp sine distriktsveljarar er det brei semje om at vi treng dagleg postombering og at ein må stanse den nedbygginga av posten som regjeringa held på med. Den kampen reknar vi med at Senterpartiet no vil intensivere, for dei har klart og tydelege bevist at brevpost er å føretrekke: Då må ein nemleg først skrive brevet, så stappe det i konvolutt, frankere det og gå til postkassa. Det er tungvint, men då får ein i det minste tid til å tenke over kva ein sender. Det kan jo gå litt vel fort i svingane når inntaket av karsk er for stort, og det ikkje finst filter mellom hjernen og send-knappen. For då blir det liv, rairai!

TRØNDERFEST: – Her e' det liv! Det er 20 år sidan denne konserten med DDE på Glopperock. I tre tiår har bandet vore eksponentar for trøndersk festkultur og «Rai! Rai!». Men DDE skal ikkje ha skulda for at RaiRai-faktoren i enkelte lag kan bli i høgste laget.

TRØNDERFEST: – Her e' det liv! Det er 20 år sidan denne konserten med DDE på Glopperock. I tre tiår har bandet vore eksponentar for trøndersk festkultur og «Rai! Rai!». Men DDE skal ikkje ha skulda for at RaiRai-faktoren i enkelte lag kan bli i høgste laget. Foto:

Artikkeltags