Gå til sidens hovedinnhold

Frimerkeregulering av Førde sentrum

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Under handsaminga i kommunestyret av byggeprosjektet Angedalsveien 6, vart det lansert eit nytt omgrep «frimerkeplanlegging» om planlegginga av Førde sentrum. Eit anna uttrykk som også kunne vore aktuelt er: « vegen blir til mens du går» Det vart heile tida vist til framtidige planar, sjølv om det i vedlegg frå Fylkesmannen står at planane for Førde kommune gjeld til den nye kommunen har vedteke nye.

Det vert heile tida peikt på at det er nødvendig med fortetting for å gjere Førde attraktivt for vekst, utan omsyn til statistikk som viser stagnasjon i folketalet og utan å spørje dei som alt bur her, kva dei ønskjer.

Sunnfjord er ein distriktskommune, så det er rimeleg urealistisk å kalkulere med den store folketalsveksten av unge og yrkesaktive. Det som vil auke er talet på eldre.

Nabo i Huustunet peikar på at det tidlegare var planlagt omsorgsbustader på denne tomta. Dette tok Eldrerådet tak i og foreslo at denne sentrumsnære, kommunale tomta burde nyttast til å bygge eit eldre-/dagsenter i første etasje og leilegheiter for eldre og funksjonshemma i resten av bygget.

Dessutan ville der vore plass for ei «grøn lunge» på uteområdet. Dette kunne vorte ein samlingsstad ikkje berre for eldre i Førde men for eldre i heile kommunen.

Men ingen høyrde på Eldrerådet.

Den nyvalde leiaren i Venstre peika på at politikarane er prega av eigen livssituasjon, dei er unge og dei fleste med barn. Men korleis går det med demokratiet viss dei fleste investeringar i vår kommune går til aldersgrupper med redusert vekst, f.eks. til fleirbrukshallar og liknande.

Folk i Førde heiar på naboane til Agedalsveien 6. Vi er leie av alle dispensasjonar som er blir gjevne når det gjeld byggehøgde og fortetting i sentrum og at det er utbyggarane som utviklar planane.

Drammen har fått mykje ros for sine planar og utvikling av sentrum. Ordføraren vart i eit intervju spurt om grunnen til at det gjekk så bra.

Hans svar var: «Det vart ikkje gjeve dispensasjonar».

Elles kan det sjå ut som «hasteprosjektet» i Langebruvegen 23 og 25 kan bli eit nytt » frimerkeprosjekt».

Les også

Får bygge i full høgde. Nabo: – Eg er sjokkert. Dette skal til Fylkesmannen

Les også

Naboane krev at politikarane set dette prosjektet på vent

Les også

Nytt leilegheitsbygg står ferdig langs Angedalsvegen

Kommentarer til denne saken