Brua er allereie populær

Marita Giil og Ola Røyrvik  er glade for at brua no er gjennopna.

Marita Giil og Ola Røyrvik er glade for at brua no er gjennopna. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Den populære turvegen over Soleide i Førde fekk ein brå stopp då kommunen såg seg nøydde til å stenge hengebrua over Jølstra av tryggingsomsyn. Det såg mørkt ut ei stund, men så melde det seg ei dugnadsgruppe som no har sett i stand brua. Firda var fredag kveld ute for å sjå om nokon hadde turt seg over den nystilte brua.

Les også: No er hengebrua ferdig og Tek krafttak for brua

Lovar kake og klipping av snor

Alt då Firda nærmar seg turstien passerer vi ei rekke folk som openbart har spasert, sykla og jogga over brua. Vel frame knipsar vi eit bilde av den første og beste turgåaren som kjem over brua -ein mann som går tur med hunden. Han presenterte seg som Trond Ueland, kommunalsjef i Førde, og Firda tenker at vi må nok finne nokre andre, nokre litt meir «tilfeldige».

Ueland er svært nøgd med brua, og gler seg over at Førde no har tursti både oppover og bortover.

– Det er dugnadsarbeid, kommunen har bere vore inne som koordinator i prosessen. Alle desse som har jobba og bidratt må heidrast, så derfor tenker vi å halde offisiell bruopning med kake og klipping av snor i slutten av april. Då har idrettslaget laga ferdig grusvegen på nordsida av brua også.

Ueland syner stolt fram den nye grusvegen på sørsida av elva, og fortel ein uvitande jølstring at vegen tidlegare gjekk opp gjennom eit lite skogholt og rett over E 39.

– Det var inga god løysing når det ikkje finst nokon overgang. Det kunne ha vore livsfarleg, seier kommunalsjefen.

Trond Ueland, Arne Myrekrok, Svanhild Gunnarskog, Elisabeth Åsen gjekk kveldstur over brua.

Innhabile turgåarar

Eit lite følge; tre tobeinte og ein firbeint, kjem nedover lia på sørsida. Arne Myrekrok nyttar kveldssola til å gå ein tur saman med Svanhild Gunnarskog og Elisabeth Åsen.

Det viser seg å vere ein ny gjeng halv-inhabile turgåarar; Myrekrok arbeider i Sunnfjord Energi og Åsen er gift med entreprenør Leif Arne Åsen. Sunnfjord Energi og Åsen og Øverlid er to av bedriftene som har bidrege til istandsettinga. Gunnarskog spøker med at det er turglade koner som har lagt press på ektemennene;

– Blir det noko av den brua, eller? Blir de ferdige snart?? Ho og Åsen klukkar nøgd.

Til glede for folk og dyr

Hunden Bella har for lengst funne seg til rette, og leikar saman med Ueland sin 12 år gamle Balder. Det ser ut til at brua skal bli godt trafikkert av både folk og dyr.

Ein tredje hund kjem gåande, med eit kjærestepar på slep, denne gongen frå sør. Ola Røyrvik og Marita Giil har gått like frå Hafstad.

– Eg har gått her i årevis, så det var veldig kjedeleg når brua vart stengt, fortel Giil.

– Vi er veldig glade for at dei har sett i stand her no, seier paret samstemt.

Artikkeltags