Sogn Villaksråd har i fleire år registrert lakselus på sjøaure på ulike lokalitatar i Sognefjorden.
Undesøkinga skjer utanfor den perioden den nasjonale registreinga føregår.

Prosjektet er det første der det vert registrert lakselus på sjøaure vinterstid.

Katastrofalt for sjøaure og villaks

- I 2014 vart det på éin av lokalitetane våre i Sognefjorden funne i snitt 254 lakselus per fisk, og det var utrulege 759 lus på éin av fiskane. Det seier seg sjølv at det er katastrofalt for sjøaure og villaks med så mykje lakselus i Sognefjorden, seier Bjarne Meel i Sogn Villaksråd til Firda.

Meel fortel at undersøkinga vert gjennomført i samarbeid mellom Sogn Villaksråd og fagansvarleg UNI Miljø, og at prosjektet er finansiert mellom anna med tilskot frå Miljødirektoratet, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Redd Villaksen, Årdal kommune, Luster kommune og Lærdal Elveeigarlag.

– Det ser ikkje bra ut!

Sjøauren vert fiska med flytande storruse, og yrkesfiskar og tidlegare laksefiskar Arve Frivik på Kyrkjebø har hovudansvar for utsetjing av ei storruse på ein lokalitet i Høyanger kommune.

– Kor mykje lus det er på éin fisk ser ut til å variere mykje, men nokre fiskar har hatt så mange smålus på seg at dei har sett heilt lodne ut. Det ser ikkje bra ut, seier Frivik som fryktar for framtida til sjøauren og villaksen i Sognefjorden.

Men om det er meir lus på sjøauren i år enn det var i fjor vil ikkje Frivik uttale seg om.

– Mi subjektive oppfatning er at det ikkje ser bra ut, og eg fryktar problemet med lakselus kan kome ut av kontroll dersom situasjonen ikkje betrar seg. Men fasiten på kor mykje lakselus det er på sjøauren i Sognefjorden får vi ikkje før ekspertane i Bergen har talt opp og sagt sitt, seier Frivik.

Hummaren heilt vekke

Frivik presiserer at han personleg er positiv til havbruksnæringa, men spør seg om det kanskje bør rettast sterkare merksemd mot moglege skadeverknadar oppdrettsnæringa påfører miljøet.

– Tidlegare fiska eg laks med både krokgarn og kilenot, og det var rikeleg å få. Så fann dei ut at villaksen var truga og forbaud drivgarnfisket til havs, aure- og makrellgarn vart òg forbode, og no er heile Sognefjorden stengt for laksefiske. Så dei må leite etter andre grunnar enn fiske dersom dei meinar at sjøaure og laks er truga, slår Frivik fast.

Han fortel òg at i område der det før var fantastisk godt hummarfiske er hummaren no heilt vekke etter at det kom oppdrettsanlegg på staden.

– Eg er ikkje ekspert, men det kunne vore interessant å visst om avlusing av laks og aure i merdane kan føre til at hummaren vert utrydda i området rundt anlegga, seier Frivik.

Frivik spør seg om styresmaktene brukar skylappar, og difor ikkje ser samanheng mellom handling og konsekvens.

– Dersom det er slik at lakselus frå havbruksnæringa trugar sjøaure og villaks, og dersom giftige kjemiske preparat mot lakselus drep hummar og andre skaldyr rundt oppdrettsanlegga, då tykkjer eg at det er sterkt urimeleg at det er så strenge reguleringar knytt til fiske av hummar, villaks og sjøaure.

Frivik meiner styremaktene må løyse dei eigentlege grunnane til at nokre artar er truga, og at å frede for fiske vil få ikkje bestandane opp att når det kan vere andre årsaker som ligg til grunn for nedgangen.

Urovekkande situasjon

Ei pressemelding frå Mattilsynet gjev Frivik grunn til å vere uroa for mellom anna hummarbestanden nær oppdrettsanlegg:

– Forbruket av middel mot lakselus har vore høgt sidan 2009, og det auka mykje òg i 2014 og resistensproblema aukar. Dette er alvorleg, melder Mattilsynet i ei pressemelding.

I følgje Mattilsynet auka bruken av alle lusemiddel unnteke cypermetrin. (Artikkelen held fram under tabellen.)

Tabell 1. Middel mot lakselus (kg aktiv substans)

 2011201220132014
Azametifos2437405930374630
Cypermetrin48232211162
Deltametrin54121136158
Diflubenzuron704161132645016
Emamektin1053651172
Teflubenzuron2675117042 674
Hydrogen-peroksid 100 % (tonn)31442538826231577

Kjelde: Folkehelseinstituttet

Bruken av emamektin og hydrogenperoksid vart høvesvis tre- og firedobla i 2014 sammenlignet med forbruket i 2013. Bruken av kitinsyntesehemmarane diflubenzuron og teflubenzuron auka òg kraftig, skriv Mattilsynet. Sjå fakta om lusemiddel og korleis dei vert brukte i faktaboksen oppe til høgre.

Òg sal av middel mot innvollsorm har auka kraftig kvar år sidan 2011. (Artikkelen held fram under tabellen.)

Tabell 2: Middel mot innvollsorm (kg aktiv substans)

 2011201220132014
Fenbendazol----
Praziquantel137423460625

Kjelde: Folkehelseinstituttet

Store resistensproblem

Ifølgje Mattilsynet syner den sterke auken i bruk av lakselusmiddel den alvorlege situasjonen i oppdrettsnæringa der middela mot lakselus har stadig mindre effekt og problema med resistens aukar. Det stadig aukande forbruket av lakselusmiddel er urovekkende og Mattilsynet meiner utviklinga ikkje kan halde fram.

- Nokre oppdrettere forsøker å behandle seg ut av lakselusproblemet med middel som stadig mindre effektive. Resultatet er at resistensproblemet aukar ytterlegare. Held denne utviklinga fram vil oppdrettsnæringa ikkje lenger ha dei naudsynte midlane til å bekjempe lakselus, seier seksjonssjef Friede Andersen i Mattilsynet ifølgje pressemeldinga.

Lusemiddel skadar miljøet

Lusemiddelet kitinsyntesehemmarar har negativ innverknad på miljøet sidan virkestoffet verkar på skalldanninga til alle krepsdyr. Undersøkingar har synt at det rundt anlegg som nyttar desse lusemiddela er rester av stoffa lenge etterpå både i sediment og i botnlevende organismer.

- Mattilsynet har saman med Fiskeridirektoratet og Miljødirektoratet bedt Havforskningsinstituttet vurdere påverknaden utslepp av lusemiddel kan ha på miljøet. På bakgrunn av vurderingane frå Havforskningsinstituttet vil etatene vurdere tiltak, seier Andersen i pressemeldinga.