Stor utfart, men ingen alvorlege skadar

Trym Heldal, Sigrid Gunnarskog og Asbjørn Ringstad Norevik med ihuga innsats under karusellrennet som gjekk av stabelen på Siplo påskeafta.

Trym Heldal, Sigrid Gunnarskog og Asbjørn Ringstad Norevik med ihuga innsats under karusellrennet som gjekk av stabelen på Siplo påskeafta. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Trass i godt vêr og mykje folk ute i løyper, bakkar og terreng har det dette vore ei påske utan alvorlege skadar.

Siplo Skisenter i Høyanger er eit av anlegga i fylket vårt som har vore godt besøkt.

– Eg skal vere forsiktig med å hevde at det har vore rekordutfart på her denne påska, men det har vore veldig mykje folk både ute i løypene og i bakkane våre, seier vaktsjef Lars Jonas Pedersen.

Pedersen er ein av fleire som driftar Siplo Skisenter og løypene i terrenget rundt på dugnad.

Mykje snø, gode løyper

I tillegg til nesten løyper på kryss og tvers i fjella rundt Siplo, har anlegget òg slalom bakkar for både små og store alpinistar. Hovudtrekket på Siplo skal vere ein av dei brattaste alpinbakkane i heile landet.

– Høyangerfjellet er eit mykje nytta reisemål, og med så uvanleg mykje snø som i vinter er det lettare å lage og vedlikehalde løypene, fortel Pedersen.

Ein konsekvens av dei gode snøforholda er at det i år er køyrt med trakkemaskin heilt opp til Toppenhytta aust på Bergefjell.

– Vi har flinke folk som køyrer og lagar spor for både klassisk og for skøyting, og med så mykje snø trur eg sesongen vil vare ut i mai ein gong.

Ingen skadar

Pedersen fortel at det på dagar med fint vêr har vore veldig mykje folk over alt, men at dei ikkje har hatt ein einaste skade i samband med ski og snø.

– Folk har hatt det veldig kjekt. Påskeafta arrangerte vi karusellrenn for dei minste, eit lågterskeltilbod for å lokke borna ut på ski så tideleg som mogeleg, og ungane tykker det er veldig kjekt!

Åtvarar mot ras

Store deler av fylket har hatt pudderføre i påska, noko som er populært for dei som ønskjer å køyre utanfor løypene.

Men med vêromslag og mildare vêr vil rasfaren auke.

– Det er uvanleg mykje snø i fjellet, så eventuelle ras kan bli uvanleg store. Då er det sterke krefter i sving, og det gjeld å tenkje seg om dersom ein legg ut på tur framover våren, avsluttar Pedersen.

Artikkeltags