Tidlegare norsk meister i sleggekasting, Magne Føleide, gjekk bort laurdag kveld. Det stadfestar familien overfor Firda søndag. Føleide blei 85 år gammal.
Føleide var heilt i norgestoppen i sleggekasting i perioden mellom 1954 til 1973, og i løpet av desse åra sanka han tre gullmedaljar tre år på rad. Han sanka i tillegg åtte sølvmedaljar og sju bronsemedaljar.
Det lengste sleggekastet hans var på 63,58 meter, som han kasta under eit stemne i Tresfjord i 1970.
Føleide kom opphavleg frå Føleide i Gloppen kommune, men slo seg ned i Florø. I fleire tiår var han ein sentral figur i friidrettskrinsen i kystbyen – og i Sogn og Fjordane fylke. Han var også idrettslærar ved Flora vidaregåande skule.
Magne Føleide var også ein av pionerane når det gjeld å få fram vektløfting som eigen idrett her i Sogn og Fjordane, frå slutten av 1960-talet og første halvdel av 1970-talet.
