– Det var 79 år gamle Bjarne Auflem som omkom i bustadbrannen i Olden natt til torsdag. Vi frigjev namnet i samråd med dei pårørande, seier Vidar Stavik, politioverbetjent i Stryn.
Kom seg ut av huset sjølve
Naudetatane fekk melding om brann i ein einebustad i Olden like etter klokka 02.00, natt til torsdag. Eitt eldre par budde i huset, og begge klarte å kome seg ut av den brennande bustad.
Det vart sett i gang livreddande førstehjelp med ein gong naudetatane kom til staden, men livet til Bjarne Auflem stod dessverre ikkje til å redde.
Kvinna, som er i 70-åra, vart flogen til sjukehus med luftambulanse, lettare skadd.
Etterforskar saka
Brannen var svært alvorleg, og då naudetatane kom til adressa brann det i begge etasjane.
– To personar var inne i huset då brannen starta, ein mann og ei kvinne. Dei klarte å kome seg ut sjølv. Då brannvesenet kom til staden starta dei sløkking og livreddande førstehjelp på mannen. Kvinna er flogen til sjukehus med luftambulanse. Huset er totalskadd, og brannvesenet jobbar med ettersløkking. Årsaka til brannen er ukjent. Åstaden blir undersøkt i løpet av torsdag, skreiv operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt i ei pressemelding torsdag morgon.
Fredag ettermiddag er brannårsaka framleis ukjend. Lokalt politi held fram etterforskinga.
Mann i 70-åra omkom etter husbrann