Det var den 30 år gamle Silje Grøneng frå Gloppen som mista livet i forliset ved Bulandet fredag 7. oktober.

Det melder politiet i ei pressemelding onsdag ettermiddag.

Melding om kantring i uvêr

Fredag 7. oktober fekk hovudredningssentralen melding om at ein fritidsbåt hadde kantra vest for Bulandet.

Det vart raskt avklart at det hadde vore tre personar i båten; to vaksne og eitt barn.

Meldinga kom frå andre båtfolk, som hadde sett båten med kjølen i vêret. Det var meldt om dårleg vêr og grov sjø i området der kantringa skjedde.

Stor redningsaksjon

Hovedredningssentralen sette i gang ein stor redningsaksjon. Tre helikopter, sivile fartøy, politi, ambulansebåt og kystvakta vart sende til staden.

Mannskapa fekk henta opp alle tre av sjøen, til ein sivil båt, ein ambulansebåt og eit redningshelikopter.

Ein familie med to vaksne, begge i 30-åra og eitt barn var om bord i båten då den kantra.

Helsepersonell utførte livreddande førstehjelp på mora og barnet. Begge vart send til Haukeland med luftambulanse. Seinare same kveld meldte politiet at kvinna hadde omkomme.

Fleire kriseteam

Åge Løseth, tenestestadsleiar i Askvoll, fortalde til Firda måndag 10. oktober at barnet, ein gut på fem år, framleis låg skadd på Haukeland universitetssjukehus.

Faren overlevde. Han vart tatt vare på av helsepersonell på staden.

Fleire kriseteam er i sving i fleire kommunar etter ulykka.