Fredag er straumprisen tre gongar så høg som dagen før
Dette er forklaringa.
– Fredag klokka 10 kosta éin enkelttime 60 øre per kilowattime, altså tre gonger så mykje som dagen før, seier sjefsanalytikar Tor Reier Lilleholt i Wattsight til Dinside.
– Ser vi på dei siste vekene, har rein kraftpris tidobla seg. I byrjinga av oktober låg prisen på ca. 2,2 øre kilowattime, medan no er vi oppe i 27 øre per kilowattime, seier han.
Årsaka er at kraftmarknadane rundt oss har ein høg pris.
– Forbruket her til lands aukar, og Sør-Norge har difor moglegheit for å auke prisane no, forklarar Lilleholt.
Høgste fyllingsgrad på heile 2000-talet
I tillegg står vi no overfor «tappesesongen» for dei overfylte vassmagasina. Grunna lågare temperaturar og mindre nedbør i vêrutsiktene gjer at ein treng høgre produksjon for å dekke forbruksauken fram mot vinteren.
– Difor brukar vi no meir vatn frå magasina kvar dag, enn det som blir fylt opp. Dermed har produsentane no større moglegheiter for å løfte prisane til høgare nivå, seier Lilleholt.
Tysdag 13. oktober meldte Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) om at fyllingsgraden i norske vassmagasin var på 95 prosent.
Dette er den høgste fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for heile 2000-talet.
Høgste magasinfylling hadde Aust-Norge med 98,7 prosent, medan Nord-Norge hadde lågaste fylling med 92,8 prosent.
Kommentarer til denne saken