Gå til sidens hovedinnhold

Fredag blir det opna for feriereiser til heile verda – UD jobbar med nye råd

Fredag forsvinn UDs globale fråråding mot reiser som ikkje er strengt nødvendige. Men for enkelte land vil det framleis vere reiseråd.

Fredag 1. oktober fjernar UD rådet som rår frå alle reiser som ikkje er strengt nødvendige til alle land utanom EU/EØS og Storbritannia – eit råd som har vore gjeldande heilt sidan mars 2020.

I staden vil UD komme med eigne reiseråd for enkeltland der helse- og pandemisituasjonen vil vere ein del av vurderinga saman med tryggleiken i landet. Desse råda skal vere klare før fredag, men det er uvisst nøyaktig når dei kjem.

Kommunikasjonsrådgivar Siri R. Svendsen i Utanriksdepartementet opplyser til NTB at dei vil sende ut ei pressemelding når dei nye råda er klare.

Tre nivå

I forkant av pandemien hadde UD offisielle reiseråd for om lag 50 land. Eit reiseråd er eit råd, ikkje eit forbod, og det er opp til den enkelte å vurdere om dei skal reise eller ikkje. Men å reise i strid med UDs reiseråd kan få konsekvensar for reiseforsikringa.

Råda baserer seg på tryggingsrisikoen eller andre forhold, og har tre nivå:

  • Fråråding av reiser som ikkje er strengt nødvendige
  • Fråråding av alle reiser
  • Norske borgarar blir oppmoda til å forlate landet

Gjer nye vurderingar

No blir pandemi- og helsesituasjonen teken inn i heilskapsvurderingane når UD skal oppdatere råda for kvart land etter at det globale reiserådet blir fjerna.

Fleire land har hatt råd knytt til tryggingssituasjonen gjennom heile pandemien.

– Dei nye vurderingane blir no gjorde. Når det gjeld pandemi- og helsesituasjonen, baserer vi oss på to faktorar. Nye, pandemirelaterte reiseråd for spesifikke land kan opprettast på tilråding av anten utanriksstasjonane eller norske helsestyresmakter. Høg førekomst av smitte, stor utbreiing av nye virusvariantar og kapasitetsutfordringar i helsetenesta er forhold som kan bety at det bør givast eit pandemirelatert reiseråd, seier Svendsen.

Ny app

Samtidig som UD fredag kunngjorde at det globale reiserådet forsvinn, lanserte dei òg appen «Reiseklar», som etter kvart vil bli oppdatert med dei nye råda.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) understreka òg at det kan gjelde lokale innreisekrav i fleire land, sjølv om dei norske råda forsvinn.

– Ein del land har framleis innreiserestriksjonar, og reiseråd kan òg endrast på kort varsel. Derfor er det viktig at dei som planlegg å reise, eller er på reise, følger godt med slik at dei kan ta ansvar for eigen tryggleik og helse, sa utanriksministeren.

UD opplyser til P4 at Reiseklar-appen er lasta ned 40.000 gonger så langt.

Opna for EU-reiser 5. juli

Når det gjeld reiser til EU/EØS, er det framleis FHIs smittekart som gjeld. Det gir informasjon om kva karantene- og innreisekrav som gjeld for kvart enkelt land i området.

Sjølve reiserådet for EU/EØS vart fjerna 5. juli. Elles har EU ei liste over tredjeland utanfor Europa, som også har vore unnatekne UDs reiseråd.

For tida gjeld dette New Zealand, Saudi-Arabia og Taiwan.

(©NPK)

Les også

NORGE ER OPE ATT! Slik skal sunnfjordingane feire!

Les også

Pikant fekk utmerking av verdas største reisenettside

Les også

UDs globale reiseråd blir fjerna frå 1. oktober

Kommentarer til denne saken