Produsentane av testen, Abbot og Roche, oppgir at testane har ei treffsikkerheit på mellom 85 og 95 prosent, men ifølgje den franske studien er ikkje treffsikkerheita på meir enn mellom 50 og 60 prosent, skriv NRK.

I Danmark meiner eit ekspertpanel at slike testar ikkje bør brukast til smittesporing – og landet har gått vekk frå å bruke hurtigtestar som einaste dokumentasjon på at ein ikkje er koronasmitta. Danskane baserer seg i stor grad på den franske studien.

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad seier testen er godt eigna til å fange opp personar som er reelt sjuke, men understrekar at dei ikkje har nøyaktige tal før utprøvingsprosjektet med dei nye hurtigtestane er klare om to og ei halv veke.

2. november starta eit forsøk med hurtigtestar i Oslo. 4.000 hurtigtestar skal gjennomførast, mellom anna for å finne ut om hurtigtestar er like pålitelege som laboratorietestane. Helsedirektoratet meiner at dersom hurtigtestane viser seg å vere pålitelege, kan ein raskt få svar på kven som er smitta og setje i gang smittesporing og smitteverntiltak.

Noreg har kjøpt inn hurtigtestar for 280 millionar kroner.

(©NPK)