Gå til sidens hovedinnhold

Framtidas gründernasjon i Europa

Artikkelen er over 1 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Det må lønne seg å arbeide og skape fleire arbeidsplassar. Nye, samt etablerte bedrifter må få nødvendig fridom til å skape og utvikle, ikkje påleggast meir skatt og fleire reguleringar. Då dette gjer det vanskeleg eller umogleg å satse. Terskelen for å satse på sin idé må verte lågare, ikkje høgare. På denne måten får ein også fleire inn i arbeidslivet og utgiftsposten i vårt statsbudsjett kan verte redusert.

I Noreg har vi ein særnorsk skatt som vert kalla formuesskatten. Den legg til rette for at ein må skatte av verdien som er investert i norske bedrifter. Dette er ein skatt som på mange måtar gjev utanlandske eigarar eit konkurransefortrinn. Då dei kan tappe bedriftene for verdiar som elles kunne ha vorte investert i ny teknologi, økt produksjon og ikkje minst fleire norske arbeidsplassar.

Norske bedriftseigarar må betale formuesskatt uavhengig av om bedrifta går med overskot eller underskot, noko som opplevast som urimeleg og belastande. Lågare formuesskattesats og jamnare verdsetting av formue, gjer at norsk kapital i større grad kan verte retta mot næringsverksemder. I enkelte tilfelle kan ein risikere at ein bedriftseigar vel å legge ned eller flagge ut si verksemd. Ulike tiltak som løyser dette er å redusere og fase ut formuesskatten på sikt, for å sikre at norske verksemder ikkje vel å flagge ut. Samtidig som dei skal få moglegheit til å utsette formuesskatten dersom verksemda går med underskot.

Bedriftene rundt om i fylket må tilpasse seg samfunnet ein lever i, der vi ser drastiske endringar på måten vi jobbar. Fleire tenester og produksjonsprosessar vert automatisert, noko som fører til at vi vil trenge fleire som har kunnskap innan digitalisering og andre IKT-fag. Difor vil det vere nødvendig at vi opprettar fleire studiestadar innanfor disse fagområda. Sidan arbeidslivet går igjennom ein ny fase, er det viktig at ingen går ut på dato. Då må ein legge til rette for at dei som vil, skal få tilbod om vidare- og etterutdanning. Ein vert nøydd til å innfinne seg med at slik samfunnet er no, må ein henge med.

Mange rundt om brenn inne med gode idear, men er redd for å starte opp si eiga bedrift, sidan dei verken har rett på dei same sosiale ordningane eller møter på mykje byråkrati. Då må vi som politikarar legge meir til rette for at det skal bli enklare. Difor vil vi betre dei sosiale ordningane for gründerane, og samtidig gjere det mindre byråkratisk. Ved hjelp av at all kommunikasjon skal skje digitalt, med hovudfokus på auka grad av automatiserte sjølvbetjeningsløysningar, vil norske bedrifter spare både tid og pengar på rapportering til det offentlege. Då kan den som er eller vil verte ein del av næringslivet, halde hovudfokuset på å skape verdiar.

Unge Høgre vil alltid vere det partiet som heiar på gründerane, og som skal løfte fram dei gode ideane og skapargleda. Vi ser at vi er nøydd å ha fleire bein å stå på framover. Vi vil og gjere Noreg til ein gründernasjon i Europa.

Kommentarer til denne saken