9. november publiserte SSB sin siste rapport om sysselsetjing og arbeidsstyrke fram mot 2040. Den syner tydeleg at Noreg vil ha for få med yrkesfagleg bakgrunn frå vidaregåande i åra som kjem. Dette er ikkje sjokkerande nyhende, særskilt for oss jobbar tett på fagutdanning. I 2016 kom nemleg ein tilsvarande rapport frå SSB fram til same konklusjon: Noreg treng 100.000 nye fagarbeidarar innan 2030. Vi ser eit stort behov for fleire fagarbeidarar også i vår region, både i privat næringsliv og offentleg sektor.

Tidlegare var utfordringa for få lærlingplassar. Dette ser vi framleis i enkelte bransjar, men har betra seg vesentleg, takka vere eit langvarig fokus og samarbeid mellom fylkeskommune, næringsliv og opplæringskontor.

Den største utfordringa i dag er å få tak i kvalifiserte lærlingar.

PRO Vestland opplæringskontor meiner det er tre viktige grep som må løftast fram, for å løyse dette og auke søkjartal til yrkesfag:

1. Tenning på teknologi

Vidaregåande skular treng oppdatert utstyr og moderne maskiner for å tiltrekke seg nysgjerrige ungdomar og gjere utdanninga relevant for arbeidslivet. I oktober lanserte Utdanningsforbundet ein rapport som synte at 4 av 10 yrkesfaglærar manglar nødvendig utstyr i yrkesfaglege programfag.

PRO har nyleg inngått eit samarbeid med Campus Førde Verftet, der vi har plassert ei automatisert produksjonsline. Denne kan nyttast både av Fagskulen sine studentar og Høgskulen Vestlandet sine ingeniørstudentar, samstundes som anna utstyr som 3D-skrivarar, robotikk og elektronikk også skal vere tilgjengeleg for alle i nordre del av Vestland, i alle aldrar. Vi stiller oss bak deira visjon: her kan ein utforske og oppdage teknologi frå barnehage til doktorgrad. Reodorklubben er eit glimrande døme på kva som kan skje med litt tilrettelegging og tilgang til teknologi. I 2016 var PRO med og investerte i eit serigrafisenter ved Avery Dennison NTP i Gaupne. Senteret skal skape interesse for serigrafifag og vere ein stad der både barn, ungdom og lærarar kan oppdage faget. I 2018 investerte PRO i ny røyrsveisemaskin til Eid VGS saman med Stadpipe.

Slike samarbeid gjev effektive investeringar, til glede for fleire, og gjev tilgang til oppdatert utstyr for skulane. Det har også eit større potensial for ringverknader i næringslivet.

2. Fleire jenter

Elevar som vel yrkesfag er i stor grad gutar. Unntaket er helsefag, som med fordel kunne trengt fleire gutar. Det er ei utfordring å rekruttere jenter til faga innan industri og teknologi, bygg og anlegg, transport og logistikk osv. Trenden er heldigvis på riktig veg. «Jenter og teknologi» er eit prosjekt av NHO som jobbar med auke kvinneandelen i teknologifag, og rettar seg mot jenter i 9. og 10. klasse. PRO, i samarbeid med våre medlemsbedrifter Cargill, Elkem og Tine, jobbar med ein lokal variant med same tema og målgruppe for å synleggjere moglegheitene innan yrkesfag og teknologi. I første omgang skal vi gjennomføre dette i Kinn, Bremanger, Gloppen, Sunnfjord og Høyanger. Deretter skal vi ta med oss erfaringar frå dette og besøke endå fleire, digitalt eller fysisk.

3. Heve status for yrkesfag

Dette har vore eit fokus lenge, særskilt sidan «Reform 94», og er også eit uttalt mål for sittande regjering. Vi må saman auke omdømet og verdsettinga av fagutdanning. Næringslivet prioriterer ingeniørar med fagbrev i botn. Eit døme er ingeniørlinene ved Høgskulen i Vestland, der dei som blir rekruttert medan dei framleis studerer nettopp er desse kandidatane.

Samfunnet fekk eit sjokk i mars i år og store delar av Noreg stengde ned som følge av covid-19. Kven var det som då sørga for at ting gjekk rundt? Utan fagarbeidaren stoppar Noreg opp. Industrien produserer varer som salsmedarbeidarar sørgar for at vi får handla når vi treng.

Vi veit det er ein stor jobb å gjere, men vi er på god veg. I samarbeid med våre medlemsbedrifter skal vi gjere alt vi kan for å rekruttere fleire til yrkesfag. Det er særs viktig at myndigheiter, utdanningsinstitusjonar og næringslivet investerer i yrkesfag og satsar framover.

Saman skapar vi framtidas konkurransekraft i norsk næringsliv – og framtida treng fagarbeidarar.

PRO Vestland opplæringskontor er eit bransjekontor for industri- og teknologifag, salsfag, kontor- og administrasjonsfag og medieproduksjonsfag. Vi rekrutterer lærlingar til våre medlemsbedrifter og følger opp lærlingane frå søknad om læreplass til fagarbeidar i «heile» verdikjeda – frå utvikling og produksjon til marknadsføring og sal. Fellesnemnaren for faga vi jobbar med er teknologi. PRO gjer det enkelt og trygt å vere lærling og lærebedrift.