Framleis berre Sunnfjord kommune som er råka av smitteutbrotet på Hurtigruta

Totalt sju kommunar i Vestland er råka av koronautbrotet på Hurtigruta. I Firda sitt dekningsområde gjeld det førebels berre Sunnfjord kommune.

DEL

Søndag ettermiddag vart det klart at tre passasjerar på MS «Roald Amundsen» har testa positivt for koronaviruset. I tillegg har 36 frå mannskap på båten også fått påvist positive prøver.

Ifølge FHI er det 69 kommunar som er råka av utbrotet på Hurtigruta.

Sunnfjord kommune er, per søndag ettermiddag, den einaste kommunen i Firda sitt dekningsområde som er råka. Laurdag kveld bekrefta kommuneoverlegen, Øystein Furnes, at to personar frå Sunnfjord er i karantene. Dei er i karantene i Tromsø.

Verken Høyanger, Hyllestad, Askvoll eller Fjaler har fått informasjon som tilseier at nokon av deira innbyggarar har vore på tur med det råka cruiseskipet.

Firda har ventar på svar frå Gloppen kommune.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags