Frå onsdag får du posten annankvar dag

FÆRRE DAGAR: Framover kjem posten berre annankvar dag.

FÆRRE DAGAR: Framover kjem posten berre annankvar dag. Foto:

Postomdeling annankvar dag er ei av regelendringane som trer i kraft 1. juli. Endringane i bioteknologilova trer òg i kraft.

DEL

– Digitaliseringa og fallande brevvolum er blant grunnane til reduksjon i talet på omdelingsdagar, skriv Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).

Endringa betyr at posten blir levert annankvar kvardag i ein tovekerssyklus: måndag, onsdag og fredag den eine veka, og tysdag og torsdag den andre veka. Avisombering skal framleis føregå seks dagar i veka, førebels fram til 2022, og post i butikk vil vere ope som før.

Assistert befruktning

Frå onsdag trer ei rekkje endringar i bioteknologilova i kraft – endringar som vart vedtekne i Stortinget i mai. Mellom anna blir det tillate med assistert befruktning for einslege kvinner – ei avgjerd som har vore svært etterlengta for mange, men som også har vore omdiskutert.

Den nye lova tek opp assistert befruktning, fosterdiagnostikk, forsking, genterapi, genetiske undersøkingar og preimplantasjonsdiagnostikk. Eggdonasjon blir likevel først innført frå 1. januar neste år, og tilbodet om tidleg ultralyd og blodprøva NIPT er ikkje på plass enno.

Til saman 17 regelendringar som ligg under Finansdepartementet trer òg i kraft frå 1. juli. Mellom anna blir særregelen om full elavgift for utvinning av kryptovaluta ved datasenter oppheva. Dette skjer fordi det har vist seg vanskeleg å gjennomføre og vanskeleg å foreine med EØS-regelverket å ha full elavgift for berre denne delen av datasenterverksemda, skriv Finansdepartementet.

Alkoholfrie drikkevarer

I slutten av juni og byrjinga av juli trer òg ei rekkje støtteordningar til næringslivet i kraft: lønnsstøtte til bedrifter som tek permitterte tilbake i jobb, redusert og utsett arbeidsgivaravgift for mai og juni, og ei forlenging av kompensasjonsordninga for bedrifter til og med august.

For forbrukarar er den mest merkbare endringa ein reduksjon i avgifta på alkoholfrie drikkevarer. Denne særavgifta blir kutta til 2017-nivå, i staden for å aukast, slik det var planlagd. Eingongsavgifta for bruktimporterte bilar blir redusert, alt flytande biodrivstoff skal no omfattast av vegbruksavgift, og djupnejournalistikk får fritak frå moms. Om du er på jakt i utlandet, kan du no ta med deg kjøtt frå bytte heim til eige bruk utan å betale toll.

Frå onsdag vil det òg bli påbode med bilbelte i traktor. Traktorulykker utgjer omkring halvparten av alle arbeidsulykker i landbruket, og ei undersøking gjennomført for Arbeidstilsynet hausten 2019 viser at omkring 40 prosent av bøndene aldri bruker bilbelte når dei køyrer traktor på offentleg veg.

Liste over alle regelendringar som trer i kraft frå eller rundt 1. juli:

– Lønnsstøtteordninga for bedrifter som tek permitterte tilbake i jobb

– Utvida frådragsordning for investeringar i oppstartsselskap

– Auka skattefordel for arbeidstakarar som kjøper aksjar i arbeidsgivarselskapet

– Utvida opsjonsskatteordning for små oppstartsselskap

– Redusert og utsett arbeidsgivaravgift for mai og juni 2020

– Forlengd kompensasjonsordning for bedrifter med omsetningsfall til og med 1. august

– Redusert eingongsavgift på bruktimporterte bilar eldre enn fem år

– Utviding av vegbruksavgifta til å gjelde alt flytande biodrivstoff

– Fritak frå moms for djupnejournalistikken

– Fritak frå moms for ufortolla køyretøy til diplomatar (ei ordning som har eksistert i praksis sidan 1970-talet)

– Fritak frå toll på kjøtt frå eiga jakt, til eige bruk

– Redusert avgift på alkoholfrie drikkevarer

– Utsett foreldingsfrist for momskompensasjon

– Kutt i forseinkingsrenta på forseinka betalingar

– Bortfall av særreglar der kraft til kryptovalutautvinning vart ilagd full elavgift

– Mindre endringar i mandatet til Oljefondet

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken