– Treng ein å stå lenger ein 20 minutt bør vanleg parkering nyttast, seier lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal ved Førde lufthamn i ei pressemelding.

Han legg til dette gjeld i området rett utanfor terminalen, og at området er meint for avtalt henting eller levering av reisande. Det er ikkje meininga at køyretøyet skal forlatast i dette området.

Automatisk skiltgjenkjenning

For dei som parkerer like utanfor terminalen for anten å sette av passasjerar, eller hente nokon som kjem med fly, så er det ikkje naudsynt å trekke parkeringsbillett i automaten.

– Vi ønsker å gjere reisa enklare. Med automatisk skiltgjenkjenning blir det endå enklare å parkere hos oss. Det nye systemet gjer også at det ikkje vil bli utferda parkeringsbøter, sidan alle bilar blir automatisk registrert og ein slepp å trekke parkeringsbillett, seier Gjesdal.

Slik fungerer det:

Det går framleis an å bruke betalingsautomaten til å betale for parkeringa.Då må du legge inn bilen sitt registreringsnummer og følge instruksjonane du får på skjermen.

Anbefalt løysing er å nytte mobiltelefonen til å betale, slik at du unngår kø ved automaten og ordnar med betaling når det passar. Du kan også betale opptil 48 timar etter utkøyring på www.apcoa.no

Dette kan gjerast utan å registrere brukarprofil, men ved å registrere profil vert automatisk trekk aktivert.

Dersom du ikkje nyttar mobilappen, websida eller automaten, vert faktura sendt. Då kjem fakturagebyr i tillegg.