Gå til sidens hovedinnhold

Frå måndag er testing på grensa obligatorisk

Dette gjeld dei som har opphalde seg i eit område med karanteneplikt, og gjeld frå måndag klokka 17.00.

– Norge har eit av dei strengaste systema for innreise og testing i Europa, og no strammar vi inn ytterlegare for å avgrense importsmitten. Personar som utan rimeleg grunn ikkje vil la seg teste kan straffast med bøter, og må bu karantenen på karantenehotell, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie i ei pressemelding.

I dag må personar som har opphalde seg i eit område med karanteneplikt teste seg for covid-19 så snart som mogleg og seinast 24 timar etter at dei har kome til Norge.

Les også

Gloppestad:– Vi har kontroll på situasjonen

No vert dette altså endra til at testen skal gjennomførast ved grenseovergangen. Det inneber at personar ikkje lenger kan velje å gå forbi teststasjon på flyplass, hamner eller grenseovergangar på veg, og heller teste seg i heimkommunen.

Unntaka frå dagens krav om test blir vidareført. Følgande personar er ikkje omfatta av krav om å teste seg ved grensestasjonen:

  • barn under 12 år
  • personar som ved godkjent laboratoriemetode kan dokumentere at dei i løpet av dei siste seks månadane har gjennomgått covid-19
  • personar som er unntatt frå karanteneplikt etter § 6a
  • personar som er unntatt frå karanteneplikt etter § 6b første og fjerde ledd
  • yrkessjåførar av langtransport og togpersonell etter § 6b femte ledd
  • personar som er strengt nødvendige for å kunne sikre forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar eller vareta befolkningas grunnleggande behov, jf. § 6e, dersom det ikkje er praktisk mogleg å gjennomføre testing
  • utlendingar som er nemnt i utlendingsforskrifta § 1–4 eller § 1-5, og som kan vise diplomat- eller tenestepass, eventuelt nasjonalt pass i kombinasjon med norsk ID-kort ferda ut av Utenriksdepartementet, eller i kombinasjon med Schengen-opphaldskort for ambassadepersonell, sideakkrediterte diplomatar og diplomatiske kurerer, jf. forskrift om innreiserestriksjonar for utlendingar av omsyn til folkehelsa § 3 bokstav f.

Les også

Nordmenn usikre på om lokale koronareglar er lurt

Kommentarer til denne saken