Frå og med 20. juni er det billegare for dei fleste å reise med buss i Sogn og Fjordane, etter at fylkestinget i desember vedtok ei større endring i prissystemet.

Endringa gjer at bussreiser blir billegare for dei fleste. Tidlegare har dei fleste bussreisande i Sogn og Fjordane betalt for kor mange kilometer dei reiser. No skal dei betale sonepris. Det betyr ein fast pris, same kor langt dei reiser innanfor sonene.

Heile Sogn og Fjordane er delt inn i fire prissoner, og innanfor ei sone vil ein enkeltbillett for vaksen koste 40 kroner.

Tidlegare kosta ein enkeltbillett for vaksen mellom Førde og Florø 164 kroner, medan prisen med det nye systemet blir 40 kroner. Ein 30-dagarsbillett på same streikinga kosta før 2150 kroner, medan ny pris er 755 kroner.

– Vi har fått eit meir rettferdig prissystem i Vestlandet, og det blir enklare å reise kollektivt i Sogn og Fjordane. Lågare prisar vil gjere det meir attraktivt å pendle med buss, seier Målfrid Vik Sønstebø, direktør i busselskapet Skyss.

Ho minner om at dei nye soneprisane gjeld på Skyss sine bussliner og ikkje på ekspressbussar.

Det blir også nye aldersgrenser for barn, som no kan reise gratis til dei fyller seks år. Deretter kan dei bruke barnebillett heilt til dei fyller 18 år.

Men det verkeleg store er periodekorta. Det er her moglegheita i privatøkonomien ligg, seier fylkesordførar Jon Askeland. For i Hordaland er godt over 90 prosent av billettane kjøpt som periodekort – på mobilappen. Det er nesten ingen som kjøper enkeltbillett, seier han.

– Den store vinsten ved innføring av takstsonene ligg nettopp i at du kan reise så mykje du vil innan takstsona di med periodekortet. Det er god privatøkonomi dersom du bur slik til at du kan nytta kollektivtilbodet på fastereiser til jobb, studiestaden eller til fritidsaktivitetar, seier han og strekar under:

– Det er dette som har gitt stor auke kollektivreiser i Hordaland, så stor at det vekkjer oppsikt internasjonalt. Eg ser fram til at vi kan få ein vinst i Sogn og Fjordane også.

(©NPK)