– Endeleg kan vi dele nyheita som har vore etterspurt.
Slik startar pressemeldinga frå Firda Billag torsdag ettermiddag, der dei stadfestar at tidlegruta mellom Førde og Bergen startar opp att. Denne ruta har vore lagt ned sidan koronapandemien. Økonomiske omsyn gjorde det vanskeleg å opprette rutene att.
Men det har vore stor interesse for å få desse rutene tilbake, og førre fredag kunne busselskapet stadfeste at bussruta var på veg tilbake. No er det oppstartsdatoen stadfesta.
Morgonruta til Bergen kjem tilbake
– Firda Billag Buss AS og Tide Buss AS startar Nor-Way ruter til Bergen. Fjordekspressen vil frå 2. januar 2023 starte med tidlegavgang klokka 06.15 på kvardagar frå Førde til Bergen og Flesland. Det vil og komme ei kveldsrute frå Bergen til Førde med avgang frå Bergen Bystasjon kl. 20.00 kvardagar og søndagar, skriv Firda Billag.
Bussen vil frå nyttår gå heilt til Flesland på dei fleste rutene til og frå Bergen. Det vil og bli korrespondanse til Haukeland universitetssjukehus.

Morgonbussen til Bergen skal tilbake på tabellen
– Tilbodet vårt vil gjere det enklare å reise på dagsreiser til og frå Bergen, anten det er jobbreiser eller fritid – noko vi veit er etterspurt. Vi håpar dei reisande vil setje pris på tilbodet og nytte det, så skal vi lytte til innspel og gjere naudsynte tilpassingar der vi ser det er naudsynt, skriv Firda Billag.
Måndag til fredag | |||
Frå Førde | | Frå Flesland | Frå Bergen |
06:15 | | 06:55 | 07:30 |
11:45 | | 11:55 | 12:30 |
14:45 | | – | 16:30 |
19:15 | | 19:25 | 20:00 |
| | | |
Laurdag | |||
Frå Førde | | Frå Flesland | Frå Bergen |
11:45 | | 09:25 | 10:00 |
14:45 | | – | 16:30 |
| | | |
Søndag | |||
Frå Førde | | Frå Flesland | Frå Bergen |
11:45 | | 11:55 | 12:30 |
14:45 | | – | 16:30 |
19:15 | | 19:25 | 20:00 |