Gå til sidens hovedinnhold

FRÅ ARKIVET: Sjå bilda frå verftet i Hyllestad på 80- og 90-talet

Ifølge allkunne.no begynte bygginga av nytt skipsverft i Leirvik i 1975. Anlegget skulle koste 20 millionar kroner, men då det blei tatt i bruk i 1978, var prislappen 42,8 millionar kroner. Løland som stod bak utbygginga fekk økonomiske vanskar og gjekk konkurs i 1979. Då tok Magnus Løland kontakt med båtbyggjar John Kleven i Ulsteinvik, og saman med Fylkesbaatane og Løland-familien skipa dei selskapet Kleven Løland A/S. I 1986 tok Kleven over aksjane til Fylkesbaatane og i 1990 gjekk Kleven-gruppa inn i Kværner-konsernet. Då Kværner-konsernet kom i økonomiske vanskar i 1999, blei verfta i Florø og Førde tatt over av Kleven-familien, medan Leirvik-verftet vart selt til selskapet Havyard. Kjelde: Allkunne.no