Gå til sidens hovedinnhold

Frå å selje til kompisar, er ølet til Øystein no ute i 100 butikkar

Øystein Adler Øvrebø opna dørene og tappekrana i heimbygda. – Å få til ein sosial møteplass er viktig, seier 47- åringen.

For abonnentar

– Det var ein litt impulsiv idé dette her, seier Øystein Adler Øvrebø, og tappar i ein pils frå kranen.

Det er fredag kveld, klokka er 19.00, og puben er open i det gamle kommunehuset, som no er eit kultur -og aktivitetshus i bygda.

47- åringen synest det er kjekt å få til ein møteplass i bygda, og håper også andre hiv seg på og arrangerer sosiale lag.

Pølse med brød følger med på kjøpet

Før jul hadde Øvrebø også pubkveld, og då fekk gjestane smake øl frå bryggeriet, Kvernafossen Bryggeri.

– Eg likar å teste øl under slike kveldar for å sjå kva som fell i smak hos folk, seier Øvrebø, som driv bryggeriet saman med Espen Vallestad.

Å arrangere pub i koronaens tid, er ikkje berre berre. Restriksjonar, reglar og råd set grenser for mykje.


Ei av dei er at det må serverast mat om ein skal få skjenke. Det gjer til at det står pølse og brød klare på kjøkkenet.

– Det er jo eigentleg ein ganske tullete regel det der, seier han og flirer litt oppgitt.

At skjenkinga må slutte klokka 22.00, er ein annan regel han også må ta omsyn til.

– Dette er jo ofte det tidspunktet der folk vanlegvis går ut, så det er klart at det er utfordrande å drive pub då. Kor mange som kjem i kveld, har eg ingen aning om. Det kan godt vere det poppar innom nokon like før stengetid, eller før. Eg veit ikkje, seier han.

Frå ølsal til kompisar, til å vere ute i 100 butikkar

I starten var ølbrygginga berre ein hobby. Etter kvart fekk folk rundt han smaken på ølet han brygga, og begynte å kjøpe av han.

I 2015 blei Kvernafossen bryggeri oppretta, og frå å halde hus i det gamle Coop- bygget i bygda, er dei i dag i Døskeland Marine sitt bygg.

Her lagar dei pils, og dessutan mørk og lys øl, som blir selt vidare i nærare 100 daglegvarebutikkar.

– Vi føler at vi er ganske godt ute i marknaden med produktet vårt. No har vi fem faste variantar vi sel.

Ein av desse er Gaula Red Ale, som attpåtil blei premiert i ein open klasse for eit par år tilbake.

Då kom det store produsentar, også frå utlandet, men gaulværingen utkonkurrerte dei alle.

– Det var vi ganske stolte av, og særleg fordi vi lagde eit øl med låg alkoholprosent.

Den store utfordringa

Ølbrygginga er ikkje som å følge ei ordinær oppskrift, og få eit ganske likt resultat gong etter gong.

– Å lage om att eit øl som ein verkeleg har fått til, er svært vanskeleg, seier han, og forklarar at det mellom anna har med vann-kjemi, og dessutan at humlen vil vere ulik år etter år.

Les også

No blir det pub i Gaular kultur – og aktivitetshus

– Så det som fungerte i fjor, vil ikkje fungere på same måte i år. Men det er dette som gjer det så kjekt! Eg ser det på som ei fin utfordring.

– Med ølbrygging som jobb; er det fort at det blir ein del øldrikking sjølv?

– Ganske lite i grunnen. Eg tek meg eit glas fredag, og eit glas laurdagen, då er eg nøgd. Det er kanskje greitt å ikkje ha denne hobbyen om ein har anlegg for alkoholisme, seier han og ler.

Tøffe månader

I likskap med mange andre har også Øvrebøs bedrift fått merke pandemien.

– Det har vore tøft, og vi sat med tre månader utan inntekt. Det gjorde til at det ikkje var pengar å kjøpe inn råvarer for og vi produserte ingenting.

Når utelivet etter kvart opna opp att, blei det ein stor pågang etter alkohol.

– Problemet då var at vi ikkje hadde noko ståande på lager, så vi måtte berre hive oss rundt og produsere. Då var etterspurnaden veldig stor.

I fjor selde bryggeriet 10.000 liter, noko som er halvparten av det dei hadde i 2019. Årsresultatet enda på same vis.

47- åringen har derimot fleire bein å stå på, for han jobbar fulltid som pedagogisk leiar i barnehagen i bygda.

Går i lag med anna bryggeri

Planen er å få til eit utsal og eit lager i Vadheim. Dette kom opp etter at Kvernafossen starta samarbeid med Balder brygg på Leikanger.

– Vi er små begge to, og då er det ein del fordelar ved å gå saman om ein del ting, slikt som innkjøp og sal.

Han og kollega Espen ønskjer også å få inn ein eller fleire medeigarar til, og då i ein post på omlag 20 prosent.

– Det kan vere greitt å ha fleire hender og fleire hovud som kan tenke i lag, seier Øystein Adler Øvrebø.

Les også

Tapte 200.000 i omsetning då E39 vart lagt om. No har Øystein funne nytt lokale

Les også

Pikant fekk skjenkeløyve med hastevedtak. Kvernafossen Bryggeri fekk nei

Les også

Startar mikrobryggeri på Sande

Kommentarer til denne saken