Frå 18. mai må SAS-passasjerar bruke munnbind

Alle SAS-passasjerar over seks år må frå 18. mai til 31. august bruke munnbind på alle flygingane til selskapet.

DEL

Flyselskapet innførte onsdag ei rekkje smitteverntiltak for å førebyggje koronavirussmitte om bord i flya.

I tillegg til at det blir obligatorisk for passasjerane å ha på seg ansiktsmaske, blir alle lause gjenstandar som teppe, puter, brett og lesestoff fjerna frå plassane, det blir innført nye boardingrutinar, og det blir ikkje lenger servert mat om bord i flya, opplyser selskapet i ei pressemelding.

Artikkeltags