Klokka 17.04 melder Vest politidistrikt om ei trafikkulykke i Stryn. Ein fotgjengar skal vere treft av ein bil ved eit fotgjengarfelt.
Fotgjengaren er opplyst å vere vaken og medviten.
Den aktuelle bilen står framleis på staden, og politiet rykker ut til staden.
Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dahl-Michelsen, fortel at patruljen deira har vore på staden, og at det heile framstår udramatisk.
– Det er ein mann som har blitt påkøyrt i sida. Han har fått smerter, men er sett til av helsepersonell, seier operasjonsleiaren, som fortel at det er vurdert at mannen er uskadd og ikkje skal vidare for ytterlegare sjekking.
Både føraren av bilen og den påkøyrde fornærma er menn i 50-åra.
Dahl-Michelsen fortel av begge er avhøyrt av politiet. Det vil bli oppretta sak, og bilføraren sitt førarkort er no kversett.
Har du bilde frå staden? Send til oss på [email protected], eller send det enkelt her.