Vegar nærmar seg tippeligadebut

TØFF: Vegar Gjermundshaug (bak) nærmar seg Tippeligadebut for Oslo-klubben Lyn. ? Men eg har ikkje hastverk, smiler vaimingen. På biletet er midtstopparen i duell med Rune Lange.

TØFF: Vegar Gjermundshaug (bak) nærmar seg Tippeligadebut for Oslo-klubben Lyn. ? Men eg har ikkje hastverk, smiler vaimingen. På biletet er midtstopparen i duell med Rune Lange. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Laurdag fylte Vegar Gjermundstad frå Vadheim 19 år. Søndag var han nær å få sin debut i Tippeligaen for Oslo-klubben Lyn.

DEL

– Det har gått fort framover i det siste, og det var moro å vere på innbytarbenken i serieopninga mot Molde på Ullevaal. Men eg har god tid og stressar ikkje ein eventuell Tippeligadebut, seier Gjermundstad som dei tre siste sesongane har hatt tilhald ved Norges Toppidrettsgymnas i Oslo.

Fotballærling

– I fjor haust fekk eg lærlingkontrakt som fotballspelar i Lyn, og sidan då har eg teke nye steg, seier vadheimsguten som faktisk kan få sin Tippeligadebut tidlegare enn den langt meir meritterte Even Hovland.

– Å, eg veit no ikkje det. Eg spelte saman med Even Hovland på Høyang og vi var kameratar under oppveksten i Vadheim. Eg har framleis mykje kontakt med Even, og er glad for hans positive utvikling både med Sogndal og U21-landslaget. Men akkurat det med å bli den første veimingen i Tippeligaen var ny, smiler Gjermundstad og veit at vegen fram til sin eigen debut kan vere lang. Ikkje minst fordi han no har blitt perfeksjonert som midtstoppar, og førebels har vinka farvel til sin tidlegare posisjon som spiss.

– Eg kjempar i utgangspunktet mot Tommy Berntsen og Indridi Sigurdsson om plass som midtstoppar på Lyn. For no er det midtstoppar eg er. Berntsen er jo nesten ein institusjon i Lyn og norsk fotball, men det spørst kor lenge han kan halde ut, smiler Gjermundstad og siktar til at Lyn-strategen allereie har bikka 36 år.

Trenar med A-laget

– Dessutan er den tidlegare Sogndal-stopparen Christian Brink på veg tilbake etter langtidsskade. Men eg har ikkje hastverk. Eg er nøgd med å få trene fast med A-laget, og sjå at eg nærmar meg speletid i Tippeligaen, seier vaimingen som ser at han har alderen på sin side.

– Eg går no tredje og siste året på NTG, og har bestemt meg for at neste år så skal det ikkje vere anna enn fotball. No trenar eg opp til 11-12 økter i veka, og kombinert med skulearbeidet på NTG, er det ganske tøft, seier Gjermundstad som allereie har fått sin debut på Lyn i vinterens treningskampar.

– Eg har blitt sterkare og raskare det siste året, og ser at eg matchar nivået når eg har fått noko speletid på A-laget. Så håpet no er å få debuten i Tippeligaen, avsluttar vaimingen.

Artikkeltags