- Kva er det med jenter frå Sogn og Fjordane, utbraut TV 2s Davy Wathne etter kampen.

Leikanger-jenta Thorsens, med fortid i Syril, Kaupanger og Arna/Bjørnar, vart matchvinnar då Team Strømmen blei slått 1-0 i laurdagens cupfinale i Telenor Arena på Fornebu.

Men trass ferskt seriegull frå Toppserien i lomma, og klart stempel som førehandsfavoritt, sleit Thorsnes og Røa med å komme til avslutningar.

Strømmen (frå neste år Lillestrøm) hadde kampens to første sjansar, og hadde fire store høve til å utlikne etter at storfavoritten scoret sitt mål.

Men i det 37. minutt kom leiarmålet. Elise Thorsnes fekk eit framspel. Begge midtstopparane var på rett side og såg ut til å ha kontroll, men dei vart ikkje einige om kven som skulle støyte og kven som skulle sikre. Thorsnes fekk sikte og knalle ballen vakkert stolpe-inn frå vel 20 meters hald.

Det heldt heile vegen inn - og opp på ærestribuna der kong Harald delte ut NM-medaljane.

Onsdag ventar returkampen mot Zvezda i Perm for Thorsnes og Røa. Då er det kvartfinaleplass i meisterligaen det står om.