- Største tapet på fleire år

Det blir neppe fullt på Florø stadion i dag når kampen mellom heimelaget og Stabæk II går midt i arbeidstida til folk flest.

Det blir neppe fullt på Florø stadion i dag når kampen mellom heimelaget og Stabæk II går midt i arbeidstida til folk flest. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Florø tapte til slutt 0-4 i heimeoppgjeret mot Stabæk 2 måndag kveld.

- Eg kan ikkje hugse sist vi tapte så klart. Og sjølv om 0-4 ikkje gjev eit heilt riktig bilde av kampen, så tapte vi fortent, seier ein skuffa Terje Rognsø etter kampen.

Slik var kampen mellom Florø og Stabæk 2.

Kampen

Florø-trenaren viser til at mykje av resulatet kom dei siste minutta i 1. omgang.

- Istaden for å kontrollere inn til 0-1 til pause, så slepp vi konsentrasjonen dei siste minutta. Og då går Stabæk 2 opp i 0-3, og kampen er i realiteten avgjort, seier Rognsø.

Bæringane kontrollerte resten av oppgjeret, anført av Tippeligaspelarane Luc Kassi og Eirik Haugstad, og stoppe opp på 0-4.

- No må vi skjerpe oss fleire hakk, skal vi få fleire poeng. Allereie på laurdag er det bortekamp mot Brann II som tapte mot Stord i dag. Då må vi også rekne med at Tippeligaklubben mønstrar fleire spelarar frå A-lagstroppen, seier Rognsø.

Etter kampane i dag, og med tre serierundar igjen å spele ser tabellen slik ut for 2. divisjon, avdeling 3:

1: Åsane 49 poeng

2: Egersund 41

3: Vard Haugesund 40

4: Vidar 36

5: Førde 34

6: Fyllingsdalen 32

7: Florø 32

8: Fana 32

9: Stabæk 31

10: Lyn 28

11: Grorud 28

12: Stord 26

13: Brann 2 25

14: Ålgård 17

Artikkeltags