Sogndal-spelar på landslaget

DEBUT: Sogndal-keeper Mathias Dyngeland er tatt ut til det norske herrelandslaget for første gong etter gode prestasjonar for klubblaget.

DEBUT: Sogndal-keeper Mathias Dyngeland er tatt ut til det norske herrelandslaget for første gong etter gode prestasjonar for klubblaget. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FOTBALL: Lars Lagerbäck presenterte det norske herrelandslaget tysdag. Mathias Dyngeland får si første landslagssamling med Norge. Både Even Hovland og Gustav Valsvik vart tatt ut på stopparplass.

DEL

Kampane Norge skal spele er VM-kvalifisering mot Tsjekkia og privatlandskamp mot Sverige.

Ei stor overrasking under laguttaket til herrelandslaget til Norge var at Sogndal-keeper Mathias Dyngeland vart tatt ut. Dette er første gong Dyngeland er teken ut til landslaget.

Det var ikkje ein gong i tankane mine at eg skulle bli tatt ut, eg skjønte eigentleg ingenting då meldingane begynte å tikke inn, fortel Mathias Dyngeland til BA.

Om det blir speletid for bergensaren står att å sjå.

– Det blir det nok ikkje, men likevel er det utruleg lærerikt for meg å vere med der. Berre det å få trene med Rune Almenning Jarstein og Ørjan Nyland, som er de to andre målvaktene i troppen, vert fantastisk, seier Dyngeland til BA.

Landslagssjefen har tru på Dyngeland i framtida.

– Vi har valt å ta inn ein litt yngre målvakt, som vi trur kan bli noko meir med på sikt. Han har gjort det bra i eliteserien, seier Lars Lagerbäck på pressekonferansen. Lagerbäck var til stades under 2-1-sigeren til Sogndal borte mot Molde 16. mai.

– Har jobba hardt

Eirik Bakke synest det var kjekt at Sogndal-keeperen kom med på landslaget.

– Han har jobba hard og viser at det er mogleg å få det til. Mathias har jobba tett saman med Terje Skjeldestad og begge skal honnør for det arbeidet dei har gjort, fortel Bakke til Firda.

Sogndal-trenaren er full av lovord om keeperen som ber kapteinsbindet i desse dagar.

– Han er ein av dei mest rutinerte og har vore i klubben lengst. Han trenar mest og er ein rollemodell for dei andre i klubben. Mathias er godt likt i garderoben. Eg veit ikkje kor mykje han kjem til å få spele, men det er moro at han får kjenne på det og gje gass, seier Eirik Bakke.

Stopparane med

Even Hovland frå Vadheim vart tatt med trass at han nettopp vart klubblaus etter å avslutta opphaldet i den tyske klubben Nürnberg. Midtstopparen trenar i desse dagar med Sogndal og Eirik Bakke.

Gustav Valsvik tapte den avgjerande kampen om opprykk til Bundesliga 1 mot Wolfsburg. Eintracht Braunschweig-stopparen spelte begge kampane som laget tapte 2–0 samanlagt over to kampar.

NORGE: Gustav Valsvik (t.v.) og Even Hovland (t.h.) skal representere Norge i kampane mot Tsjekkia og Sverige. Her saman med West Ham-spelar Håvard Nordtveit på landslagssamling i London.

NORGE: Gustav Valsvik (t.v.) og Even Hovland (t.h.) skal representere Norge i kampane mot Tsjekkia og Sverige. Her saman med West Ham-spelar Håvard Nordtveit på landslagssamling i London. Foto:

Tema for pressekonferansen med Lars Lagerbäck var forsvarsspelet og at Norge har vore for passive på denne delen av bana. Samt at Norge skapar for lite målsjansar.

Tsjekkia er på 46.-plass på FIFA rankinga.

Kampane mot Tsjekkia og Sverige skal spelast 10. og 13. juni. Begge kampane spelast på Ullevål i Oslo.

Artikkeltags