Terje Rognsø gir seg som Sogndal-leiar

Terje Rognsø frå hans første veke i Songdal etter å ha blitt ny dagleg leiar i Sogndal fotball i november 2018. No har han trekt seg frå stillinga.

Terje Rognsø frå hans første veke i Songdal etter å ha blitt ny dagleg leiar i Sogndal fotball i november 2018. No har han trekt seg frå stillinga. Foto:

Har valt å trekke seg frå stillinga som dagleg leiar. Rasmus Mo tek over til ny dagleg leiar er på plass.

DEL

– Terje Rognsø har dessverre valt å trekke seg frå stillinga som dagleg leiar i Sogndal Fotball. Vi har hatt god dialog heile vegen, men det er eit kjedeleg utfall i ein tung omstillingsprosess, stadfestar styreleiar i Sogndal Fotball Tor Arne Ness i ei pressemelding frå fotballklubben måndag.

Det var 14. november i 2018 at Rognsø vart presentert som ny dagleg leiar for fylkets største fotballklubb. Denne måndagen kom nyheita at den tidlegare Florø-trenaren trekker seg frå jobben.

Rasmus Mo blir konstituert som ny dagleg leiar. Det melder Sogn Avis måndag ettermiddag.

Styreleiar: – Meir utfordrande enn førespegla

– Terje har utfordra klubben på mange område slik vi håpa på, samstundes har han fått ein del vanskelege utfordringar i fanget denne perioden. Klubben er i ein krevjande økonomisk situasjon, noko som gjer omstillinga meir utfordrande enn førespegla. Styret og dagleg leiar har jobba tett i lag i denne prosessen, og på mange område er me einige om grep som må gjerast. Vi hadde håpa at Terje ville styre denne omstillinga vidare, men vi må respektere at det er ulike syn på kva grep som skal prioriterast. Terje har vore open og løysingsorientert heile vegen, og vi takkar han for tida i klubben, seier styreleiaren vidare.

– Stor avstand på nokre felt

Også den avtroppande daglege leiaren uttalar seg i meldinga frå klubben. Han vil takke styret, supporterane og folk i Sogndal for tida hans i klubben.

– Eg har blitt teken imot på ein god måte, noko som eg set ekstremt stor pris på, seier Rognsø.

Rognsø peikar også på at omstillingsprosessen i klubben er krevjande. Han fortel at jobben hans har vore å leie denne prosessen, og finne ut korleis Sogndal skal sjå ut i framtida.

– Her har styret og underteikna jobba godt saman. Undervegs kjem ein til vanskelege val, og sjølv om vi er samde i mykje, så er det stor avstand på nokre felt. Det er styret som til slutt bestemmer. Det vil alltid vere vanskeleg når dette skjer, men klubben har fått sett eit heilt nødvendig fokus på prosess, så blir det andre som får ta utviklinga vidare. Lukke til vidare, og «stao no pao!»


Artikkeltags