Sogndal har signert amerikansk stopparkjempe

KLAR FOR SOGNDAL: Stefan Zelimir Antonijevic (t.v.) har signert for Sogndal. Her er han i kamp for Lillestrøm, som han vann NM-cupen med i 2017.

KLAR FOR SOGNDAL: Stefan Zelimir Antonijevic (t.v.) har signert for Sogndal. Her er han i kamp for Lillestrøm, som han vann NM-cupen med i 2017. Foto:

FOTBALL: Er norgesmeister med Lillestrøm og har kampar for det serbiske U19-landslaget.

DEL

Sogndal fotball melder måndag at dei har signert ein avtale med midtstopparen Stefan Zelimir Antonijevic (fødd 24/1/1989). Antonijevic er signert ut sesongen 2020.

– Dette er ein god moglegheit for meg til å utvikle meg vidare som fotballspelar, seier Stefan til Sogndal fotball sine nettsider, og legg til at han ser fram til å bidra i kvitetrøya.

Norgesmeister med Lillestrøm

Stopparen spelte for Lillestrøm i sesongane 2017-2018, og vart noregsmeister med klubben det første året.

UT 2020: Sportsleg leiar Håvard Flo saman med Sogndal sin nye stoppar. Klubben har sikra seg amerikanaren ut 2020-sesongen.

UT 2020: Sportsleg leiar Håvard Flo saman med Sogndal sin nye stoppar. Klubben har sikra seg amerikanaren ut 2020-sesongen. Foto:

Stefan Zelimir Antonijevic er frå ein forstad av Chicago, og har både amerikansk og serbisk pass. Han har spelt to kampar på det serbiske U19-landslaget.

Tidlegare har Stefan spelt på Vermont Voltage, Fort Lauderdale Strikers og Tampa Bay Rowdies i heimlandet, før han vart Lillestrøm-spelar i 2017. Han spelte 29 kampar i den gule drakta, og han har møtt Sogndal både i seriespel og treningskamp.

Vil bidra til opprykk

– Sogndal er ein klubb med stort potensial, vi har gode treningsmoglegheiter og eg har eit veldig positivt inntrykk av både klubb og bygd so langt, seier Sogndal sin nye stoppar, som likar godt å vere i ein utfordrarposisjon.

– Dei siste åra har eg spelt for eit lag der fokus har vore å overleve. No kjem eg til ein klubb der målet er opprykk. Eg skal gjere det eg kan for at vi når målet vårt i år, seier amerikanaren, som har norsk kjærast. Ho bur i Oslo.

Artikkeltags