No blir han Glimt-spelar

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Kristian Fardal Opseth (26) blir Bodø/Glimt-spelar, etter å ha besøkt Glimt måndag. Det skriv Avisa Nordland på sine nettsider.

Sogndal-spissen kjem på utlån, eit lån som i første omgang strekk seg fram til sommeren.

Glimt har derimot sikra seg opsjon på forlenging av avtalen, så dersom begge partar er nøgde med samarbeidet, kan vestlendingen bli i Bodø-klubben lenger.

– Du skal ikkje sjå vekk frå det, nei, seier Fardal Opseth.

Kontrakten hans med Sogndal varer ut sesongen.

Rigga for eliteserien

– Kva var det som fekk deg til å takke ja til Bodø/Glimt?

– Eg likar ambisjonane deira. Og eg fekk eit veldig godt inntrykk då eg var her oppe tidlegare i veka. Dette er ein klubb som er rigga for eliteserien, både når det kjem til spelarstall og støtteapparat. Og det er det som er målet mitt; å spele på øverste nivå, seier Fardal Opseth.

Trenar Aasmund Bjørkan er glad for å ha fått den første nye brikken på plass for kommende sesong.

– Eg er kjempeglad for at Kristian er klar. Han er ein type som veit kva som skal til for å vinne duellar, og skyte laget til opprykk. Så han passar godt inn typemessig, og så trur eg at vi kjem til å få det kjempeartig saman, seier Bjørkan.

Tru frå trenaren viktig

Spissen var ei viktig brikke i Sogndal sitt opprykk i 2015. Men i eliteserien året etter, la laget litt om på spelestilen, og dermed blei andre spelarar brukt på topp.

Kjensla av at trenaren har sterk tru på han, er også ein viktig grunn til at Fardal Opseth bestemte seg for å fly opp att til Bodø saman med sin agent og forhandle ferdig avtalen med dei heilgule kort tid etter hans første besøk.

Fleire av Glimt sine divisjonskollegaer skal også ha vore interesserte i å sikre seg den 1,88 meter høge angrepsspelaren sine tenester.

– Er du utelukkande midtspiss, eller kan du nyttast i andre posisjonar i angrepsleddet?

– Eg spelar der han seier eg skal spele. Forhåpentligvis vil han ha meg på bana. Men eg skal ikkje legge skjul på at det er som midtspiss eg har spelt mest, seier Fardal Opseth.

No reiser 26-åringen heim til Sogndal for å pakke, og så reknar han med å være på plass på trening i Bodø i starten av neste veke.

Artikkeltags