– Det er litt opp til Even no. Han må finne ut av det sjølv. Så får vi sjå kva han bestemmer seg for, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke, og teiknar eit bilde av at ei avgjerd kan komme i løpet av ei veke eller to.

Even Hovland si kontrakt med den tyske klubben Nürnberg går ut i sommar, og Sogndal har gitt spelaren eit tilbod.

Førsteprioritet

– Vi har ein dialog med han. Eg har sagt det før. Han er vår førsteprioritet å få inn, og vi har strekt oss så langt vi kan. Vi veit kor stor kapasitet Even har, seier Bakke om landslagsstopparen.

Også sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo, stadfestar dialogen.

– Vi har hatt dialogen over lengre tid. Så får vi sjå korleis det endar opp, seier Flo til Firda.

Flo peikar på at Hovland har mykje av det dei ser etter. Både som type og at han er lokal.

– Det hadde vore fantastisk å få til. Men det spørst korleis det passar inn for Even. Vi håpar på litt framdrift den nærmaste tida, seier Flo.

Har fleire i kikkerten

Om det ikkje skulle løyse seg med Hovland, er ikkje han den einaste som er aktuell på Fosshaugane Campus.

– Utan å gå for langt inn på spelarlogistikk, vi ser på moglegheitene til å forsterke oss i det vindauget som kjem. Vi har nokre alternativ vi jobbar med, så lyt vi sjå på korleis vi prioriterer dei, seier Flo.

– Dette betyr at de har midlar til å gjere grep i sommar?

– Vi har ein stor tropp som skal driftast, men vi har nokre moglegheiter – ikkje astronomiske summar, seier Flo.

– Er det spelarar på veg ut frå Sogndal?

– Ingen er på veg ut no. Det kan sjølvsagt skje, men vi er opptekne av å bygge eit lag i Sogndal som kan hevde seg i eliteserien, seier Flo.

Møter Odd

Søndag spelar Sogndal kamp på Fosshaugane Campus. Då er eit av laga som har vore i toppen av serien dei siste åra, Odd, motstandar.

– Det blir ein tøff kamp, men vi har hatt nokre tett oppgjer med dei i det siste. Men vi har komme oss gjennom ein periode med tøffe kampar og store utfordringar. Vi kunne vore akterutsegla i serien, men vi heng med, seier Bakke.

TIl kampen mot Odd er Eirik Birkelund ute, medan Kjetil Wæhler er usikker i timane før avspark.