Han er Sogndals andre signering på to dagar

ÅLESUND  20190728.
1. divisjon fotball 2018: Aalesund - Nest-Sotra. Nest-Sotras Andreas Hoven på et raid i kampen i 1. divisjon i fotball mellom Aalesund og Nest-Sotra på Color Line Stadion.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

ÅLESUND 20190728. 1. divisjon fotball 2018: Aalesund - Nest-Sotra. Nest-Sotras Andreas Hoven på et raid i kampen i 1. divisjon i fotball mellom Aalesund og Nest-Sotra på Color Line Stadion. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix Foto:

Andreas Hoven vart fredag signert som ny Sogndal-spelar. Dagen før signerte klubben Tomas Kristoffersen.

DEL

Strømsgodset IF og Sogndal Fotball er samde om ein overgang for midtbanespelaren Andreas Hoven.

Det melder Sogndal fotball på sine nettsider.

Avtalene klubbane imellom går ut sesongen 2021, og Hoven er allereie på plass i klubben.

– Ein spennade spelar

– Andreas er ein veldig spennande spelar som vil passe godt inn her hos oss, seier Eirik Bakke om signeringa.

Han skildrar midtbanespelaren som ein rask og sterk spelar, henta som som erstattar for Ole Amund Sveen.

– Det er voldsomt kjekt at vi kan hente ein slik spelar til Sogndal, han vil bli viktig for oss framover, seier trenaren.

Hoven har gått gradene i Strømsgodset, etter å ha starta i Konnerud IL. Han fekk debut med eit innhopp i Eliteserien i 2016, og har spelt åtte kampar for Godset.

I 2018 var han utlånt til Notodden, der han spelte 15 kampar, og i vårsesongen var han på lån til Nest/Sotra, der han fekk 9 kampar.

Andreas er også landslagsspelar, og står so langt med 18 kampar med flagget på brystet. For tida er han på U21-landslaget.

Signerte midtbanespelar dagen før

Men Hoven er ikkje den einaste midtbanespelaren som har kome inn dørene på Fosshaugane. Dagen før signerte Sogndal Tomas Kristoffersen frå Tromsdalen UIL.

Også hans kontrakt er ut 2021-sesongen.

– Med Tomas får vi ein fotballklok og rutinert spelar, seier sportsleg leiar Håvard Flo til eigne nettsider.

Etter å ha starta i moderklubben Krokelvdalen IL, var Kristoffersen ei årrekke i Tromsdalen. Men i 2017 spelte han for Sandnes Ulf, og i fjor for Åsane. Han står med 30 kampar for kvar av desse to klubbane og i løpet av sine 142 kampar for Tromsdalen har han skåra 24 mål.

– Eg ser på Sogndal som ein veldig spennande moglegheit til å utvikle meg vidare som fotballspelar. Her er det topp fasilitetar, og eg likar denne utfordringa, seier den nye midtbanespelaren.

Artikkeltags