Florø tek i mot Aalesund i cupen

NYTT OPPGJER: Christer Husa kan glede seg til eit nytt møte med Aalesund og Fredrik Carlsen 22. mai.

NYTT OPPGJER: Christer Husa kan glede seg til eit nytt møte med Aalesund og Fredrik Carlsen 22. mai. Foto:

– Det er heilt perfekt for oss, seier florøtrenar Frode Nybø. Sogndal er også klar for neste runde. Dei møter Hødd på bortebane.

DEL

Trekninga er perfekt for oss. Å få ein heimekamp mot eit godt lag som Aalesund på Florø stadion, det kan bli ein festkamp, og no har vi lite å tape, seier florøtrenar Frode Nybø til Firdaposten.

Som alle cupkampar så er det divisjonsskilnaden som set favorittstempelet. Sjarmen elles er slik at alle kan slå alle i cupspel, der Florø sjølv har slått ut lag frå divisjonane over. Men når vi snakkar om Aalesund så har gutane frå Jugendbyen hatt stålkontroll på Florø. I fjor møttest dei i Obosligaen der dei feia Florø av tangogolvet med 4–0 og slo også Florø med 1–4 i Florø.

Jævla Aalesund

Denne statistikken vart presentert for Frode Nybø, utan at han tok noko vidare notis av den.

– Jo, eg ser jo at vi var ganske langt ifrå å skape resultat mot dei i fjor, men vi er framleis berre ein divisjon under, seier Nybø.

Aalesund mista opprykkstoget til eliteserien i fjor, og kom på den sure tredjeplassen. Men i år har dei stø kurs. Dei har vunne fem av dei seks kampane, og spelte 1–1 mot nummer to på tabellen, Sandefjord, på bortebane. Dei leiar Obosligaen med fire poeng føre nettopp Sandefjord.

– Aalesund held nesten eliteserienivå slik dei står fram i Obosligaen no, og har sjølvsagt eit stort favorittstempel.

– Vi har dei rette typane

Når det er sagt har vi eit lag med spelartypar som kan heve seg til slike kampar, så eg berre gler meg, seier Nybø som langt ifrå fryktar at tangotoget skal valse over Florø på naturgraset 22. mai.

– Dette er heilt perfekt for oss. Å få eit godt lag heime med masse folk på tribunen kan bli moro, kjem det frå florøtrenaren.

Og Nybø har rett. Cupbomba smell oftare no enn før der det var større skilnad mellom dei to øvste divisjonane og laga under. Spesielt i PostNord-ligaen er det mange lag som kan vippe storlaga av pinnen.    

– Å vinne i ein enkeltkamp skal kunne la seg gjere, no veit eg ikkje status to veker fram i tid, men dette er perfekt for oss slik eg slik eg ser det.

Florø i cupen

Florø Fotball vart slått ut av Hødd i tredje runde i fjor. Året før kom Florø like til fjerde runde etter at dei senka Sogndal heime. Det førte til valfarting nordover og fest på Nordmøre der Stimen verkeleg fekk markere seg som supporterunion. Der vart det 0–1 tap for eliteserieklubben Kristiansund borte. I 2016 var det Brattvåg som var Florø si bane og i 2015 gjekk dei svarte og blå ut av cupen til fordel for bregensklubben Varegg. I år har dei trekt Aalesund, som kjem til Florø 22. mai.

Her er dei 32 kampane i tredje runde:

(Kampane spelast i hovudsak 22. mai)

  1. Kvik Halden – Lillestrøm
  2. Fredrikstad – Sarpsborg 08 (TV-kampen)
  3. Moss – Kongsvinger
  4. Grorud – Hamkam
  5. Ullern – Strømsgodset
  6. Kjelsås – Skeid
  7. Asker – KFUM Oslo
  8. Follo/Bærum – Notodden
  9. Lørenskog – Ull/Kisa
  10. Eidsvold Turn – Vålerenga
  11. Elverum – Stabæk (21/5)
  12. Raufoss – Fram
  13. Pors – Mjøndalen
  14. Jerv – Sandefjord
  15. Arendal – Odd
  16. Hinna – Viking (23/5)
  17. Egersunds – Bryne
  18. Vard Haugesund – Sandnes Ulf
  19. Sotra – Haugesund
  20. Fyllingsdalen – Nest Sotra
  21. Åsane – Brann (23/5)
  22. Florø – Aalesund
  23. Hødd – Sogndal
  24. Brattvåg – Kristiansund
  25. Sunndal – Molde 23/5 Tiller – Rosenborg
  26. Nardo – Bodø Glimt
  27. Levanger – Stjørdals/Blink
  28. Junkeren/Strømmen – Ranheim
  29. Melbo – Tromsø
  30. Harstad – Tromsdalen
  31. Alta – Fløya

Artikkeltags