Fardal Opseth fekk debuten for BB Erzurumspor

TYRKIA-DEBUT: Kristian Fardal Opseth fekk fredag debutere for sin nye tyrkiske klubb. Dei spelte 1-1 mot Besiktas.

TYRKIA-DEBUT: Kristian Fardal Opseth fekk fredag debutere for sin nye tyrkiske klubb. Dei spelte 1-1 mot Besiktas. Foto:

FOTBALL: Vart bytt innpå i andre omgang. Fekk 22 speleminutt og gult kort.

DEL

Den siste veka har vore hendingsrik for Kristian Fardal Opseth frå Kaupanger. Etter å ha blitt linka vekk frå Glimt til tyrkisk fotball i starten av veka gjekk det slag i slag, og onsdag vart han presentert som BB Erzurumspors nye spiss.

Allereie fredag kveld fekk den tidlegare Sogndal og Førde-spelaren debuten for sin nye klubb. I fredagens kamp mot Besiktas vart han bytt inn i 68. speleminutt, for tidlegare Florø-spelar, Rashad Muhammed.

Minuttet etter tok klubben hans leiinga, etter eit sjølvmål av Dorukhan Toköz. Under 10 minutt seinare kom utlikninga, då samme mann gjorde opp for sjølvmålet ved å sette inn 1–1.

Det vart ingen matchvinnarscoring på Fardal Opseth, men han markerte seg med å pådra seg eit gult kort i kampens siste speleminutt.

Laget ligg no på plassen over nedrykksplass, med ein kamp meir spelt enn laga bak seg.

Artikkeltags