Har minst tru på Florø

DUMPEKANDIDATAR: Fire store spelselskap er klare i sin spådom. Florø vil rykke ned frå Obos-ligaen 2017.

DUMPEKANDIDATAR: Fire store spelselskap er klare i sin spådom. Florø vil rykke ned frå Obos-ligaen 2017.

Av

FOTBALL: Set du 1000 kroner på at Florø rykker opp i år, kan du vinne 301.000 kroner.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Unibet som har sett oddsen på Obosliga-laga, har ikkje tru på Florø Fotball i år. Faktisk får du heile 301 gongar pengane dine om du satsar på Florø SK som vinnar av Obosligaen.

Det er eit markant skilje mellom på dei 16 laga i ligaen der laga som rykte ned frå tippeligaen, og var på kvalifiseringsplassane til tippeligaspel i fjor, ligg i toppen. Dei nyopprykka laga ligg alle i botnen.

Bodø/Glimt favoritt

Bodø/Glimt er Unibet sin favoritt følgt av Start. Arendal er spådd å vere det beste av laga som kom opp ifrå PostNord-ligaen i haust og Florø er rekna for å vere det dårlegaste av dei alle.

Spelselskapa Bethard, Paf og Betsafe har alle Florø på jumboplass. Paf har same odds som Unibet, medan Bethard har Florø til 276 i odds. Dårlegast odds på Florø har Betsafe med 175. Det er same odds som to av dei andre nyopprykka laga Tromsdalen og Arendal. Men dei meiner Elverum vil gjere det betre og gir Levanger lik odds som Florø. Elverum får 90 i odds.

  • Sjå oddsen her:

- Som forventa, og heilt ok

NØGD: Trenar Terje Rognsø har ein rik CV av eksempel der han har overraska mot det som har venta å vere sterkare lag. Ifølge Unibet blir kvar einaste kamp mot sterkare lag i år. Foto: Dag Nesbø Frøyen

NØGD: Trenar Terje Rognsø har ein rik CV av eksempel der han har overraska mot det som har venta å vere sterkare lag. Ifølge Unibet blir kvar einaste kamp mot sterkare lag i år. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Dette er godt nytt for hovudtrenar Terje Rognsø. For som jumbokandidat slepp du forventningspresset. Dei kan også bli undervurdert av motstandarane som dumpekandidat. Allereie i opningskampen heime mot Jerv er maktforholdet sett. Grimstad-laget har dei to siste sesongane vore i kvalifisering til opprykk og har skarve 7.5 i odds som vinnar av Obosligaen i 2017. Det er meir enn 40 gongar så gode sjansar, ifølge fleire store spelselskap.

– Dette er venta. Statistikken viser at nyopprykka lag vil slite, og for oss er dette heilt ok. Det er mykje betre å slå oppover utan forventningspress, kjem det frå Rognsø

Unibet: Oddsvinnar av Obosligaen 2017

Bodø/Glimt 2.8

Start 4.5

Sandnes Ulf 6.0

Jerv 7.5

Mjøndalen 7.5

Kongsvinger 12.0

Fredrikstad 18.0

Strømmen 61.0

Ranheim 101.0

Åsane 121.00

Levanger FK 151.0

Ullensaker/Kisa 171.0

Arendal 181.0

Elverum 201.0

Tromsdalen 251.0

Florø SK 301.0

Artikkeltags