Gå til sidens hovedinnhold

Florø kan komme til kvartfinale i cupen

Artikkelen er over 3 år gammel

FOTBALL: Aldri før har Florø komme så langt i cupen. Vinn dei onsdag er dei i kvartfinalen.

Florø reiser den lange vegen til Kristiansund og møter Eliteserielaget onsdag kl. 18.30 i 8.-delsfinalen. Terje Rognsø er klar for cupkamp etter seks strake sigrar i serien.

– Det kunne ikkje vore eit betre tidspunkt etter sigeren mot Kongsvinger søndag. Vi har litt kort restitusjonstid og skal ut og reise igjen fort, så vi er litt bekymra for det. Men vi har ein kjempegod følelse no etter fleire sigrar på rad, så det er heilt greitt å møte Kristiansund i cupen no, seier Terje Rognsø til Firda.

Florø-trenaren meiner fleire lag har byrja å frykte Florø og spesielt dødballane deira.

– Det er ikkje tilfeldig at vi scorar fleire mål på corner og eg trur fleire lag er redde når vi får offensive dødballar. Det trur eg er grunnen til at vi scorar også, når du blir redd så gjer du dårlege val. Det tar vi med oss inn mot kampen på onsdag, vi trenar ofte på dødballar der vi involverer midtstopparane Vegar (Gjermundstad) og Runar (Hove), seier Rognsø.

 

Kapteinen klar for å gje gass

Vegar Gjermundstad, som vart matchvinnar søndag då Florø slo Kongsvinger 1-0, er klar på at det blir tøffare på onsdag.

– Det skal bli kjekt å få prøve oss mot endå betre motstand på papiret i alle fall. Så får vi sjå kva vi klarer å få til der, no er det vinn eller forsvinn og då må vi berre gje gass, seier Florø-kapteinen.

– Blir ein krig

Han trur ikkje Kristiansund fryktar at Florø kjem i storform.

– Det er ein krig uansett og det har ikkje så mykje å seie kven du møter. Viss ein ikkje er heilt klar så blir det ein tøff kamp uansett. Vi skal gje alt vi klarer og så får vi sjå kor langt vi klarer å gå, seier Gjermundstad.

Florø-kapteinen er klar på at det hadde vore godt med ein historisk kvartfinale på Florø Stadion.

– Det hadde ikkje vore feil det. Alle ønsker å komme vidare i cupen, men no må vi først spele dei 90 minutta mot Kristiansund, seier han.

Slik spelast 8.-delsfinalane i NM cup for herrar:

Kristiansund–Florø onsdag kl. 18.30

Stabæk–Aalesund onsdag kl. 18.30

Jerv–Rosenborg onsdag kl. 18.30

Haugesund–Molde onsdag kl. 18.30

Sarpsborg 08–Odd onsdag kl. 18.30

Lillestrøm–Tromsø onsdag kl. 18.30

Mjøndalen–Brann onsdag kl. 19.45

Vålerenga–Elverum torsdag kl. 18.30

Kommentarer til denne saken