Ny spelar aktuell for Florø

PRØVER SEG I FLORØ: Robert Kling kan hamne i Florø. Midtbanespelaren skal trene med laget denne veka.

PRØVER SEG I FLORØ: Robert Kling kan hamne i Florø. Midtbanespelaren skal trene med laget denne veka. Foto:

FOTBALL: Robert Kling skal trene med Florø denne veka.

DEL

FOTBALL: Den tidlegare FKH-spelaren stiller på Florø-trening første gang tysdag. Planen er at han skal trene med klubben ut veka og spele treningskamp mot Sogndal laurdag.

Det melder Haugesunds Avis måndag.

– Så konkluderer vi saman med spelaren etter kampen, fortel Florø-trenar Terje Rognsø til avisa.

Rognsø fortel at dei jaktar ein ny spelar i kvart ledd, og at dei vil vurdere Robert Kling primært som indreløpar på midtbana – då i Florø sin 4-3-3-formasjon.

– Vi er ikkje heilt som FK Haugesund. Verken på eller utanfor bana. Det kan vere greitt for Robert å få sjå på forholda. Vi er litt meir amatørar her enn i FKH, seier Rognsø.

20 år gamle Kling har sju kampar i eliteserien for FKH. Men karmøybuen takka i fjor sommar nei til eit nytt kontraktsforslag som han sjølv omtala som ein skandale. Sidan har han vore på klubbjakt. Kontrakten med FKH gjekk ut i fjor haust. Kling spelte berre to kampar for A-laget til FKH i 2017, to cupkampar.

Artikkeltags